Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Suldal sjukeheim i Rogaland søker helsefagarbeidar til 73% nattevaktstilling. Stillinga startar 01.02.2027 og inneheld jobbturnus kvar tredje helg med langvakter i helg.
Arbeidet fokuserer på trygg, fagleg forsvarleg pleie av buorar, med krav om autorisasjon og gode norskkunnskapar. Relevante eigenskapar som struktur, ansvar og evne til å samhandle blir vektlagt.
Suldal sjukeheim har ledig fast stilling som helsefagarbeidar i 73 % nattevaktstilling.
Me har to pleieavdelingar med totalt 38 rom
Me har årsturnus
Me kan love deg dyktige og engasjerte kollegaer
Me har høg fagkompetanse og mykje hjartevarme
Me jobbar for å gi trygg og aktiv omsorg med fokus på livskvalitet
Stillingsstorleik: 73 %
Stillingstype: fast
Turnus: arbeid kvar 3. helg, langvakter i helg
Oppstart: 01.02.2027
Ved intern omrokkering kan anna stilling verta ledig
Utøve omsorgsfull og fagleg forsvarleg pleie av bebuarane ved sjukeheimen
Autorisasjon som helsefagarbeidar
Personlege eigeskapar vil bli vektlagt
Evne til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø
Evne til å takle andre personar sine utfordringar og å møte personar i sårbare situasjonar medtryggleik og respekt
Gode datakunnskapar
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Me ser etter deg som:
Er trygg og sjølvstendig i faglege vurderingar
Tek ansvar og arbeider strukturert
Er lærevillig og nysgjerrig på velferdsteknologi
Bidreg positivt til arbeidsmiljø og samarbeid
Helsefagarbeidarar får eit tillegg på kr. 10.000
Me har rekrutteringsbustadar du kan søkje på for å prøvebu i Suldal. Sjå her: Prøvebu i Suldal - Suldal kommune heimeside
Me har gode pensjons- og forsikringsordningar igjennom KLP
Me har bedriftshelseteneste
Me har løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
Me har nynorsk som administrasjonsspråk
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
Det er krav om godkjent politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltredning. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentliggjering av søkjarliste
Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.