- Heimetenesta ytre Sula har base ved Stadsnesvegen 9b i sentrum av Langevåg, 20 min. å kjøre fra Moa. Avdelinga har omlag 22 årsverk, og dekker området vest for Veddefabrikken.
- Avdelinga har ledig eit vikariat for sjukepleiar i perioden 1.1.27-22.08.27. Vi kan vere fleksibel på oppstart, og ekstravakter kan påreknas om ønskeleg.
- 2 delt turnus med arbeid kvar 3 helg. Arbeidstid mellom 08.00-22.00
Arbeidsoppgåver
- Vi yt sjukepleie, praktisk og personleg bistand til heimebuande etter vedtak, og avdelinga har brukarar i alle aldersgruppe.
- I heimetenesta får du arbeide sjølvstendig, og arbeidet er både spanande og fagleg utfordrande. Arbeidet består i alt fra stell, sjukepleieprosyre og medisinering til terminalpleie i tett og god dialog med fastlegane.
- Avdelinga har godt omdøme og god fagkunnskap å lære vekk, så ikkje bli skremd frå å søke om du er ny. Ta gjerne ein telefon eller ein tur innom om du lure på om dette kan vere stillinga for deg.
Kvalifikasjonar
- Autorisert sjukepleiar med datakunnskap og gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Forutan gode faglege kvalifikasjonar ser vi etter ein stabil, fleksibel, tolmodig og pliktoppfyllande kollega med god framferd.
- Du må like å arbeide med menneske med ulike utfordringar
- Du må vere ressurs og løysingsorientert, ha evne til å arbeide både sjølvstendig å i team
- Du må takle eit hektisk arbeidsmiljø og uførutsette hendigar. Arbeidet kan vere fysisk belastande.
- Personlege eigenskapar vert vektlagd
- Krav om førarkort
- Oppgje referanse
Vi tilbyr
- I tillegg til tariffløn har kommunen eit generelt tillegg på 6500,- for sjukepleiarar + 8000 ekstra som kompensasjon for arbeid på helg
- Frå løna vert det trekt 2% til pensjonsordning
- Tilsetting på vanlege kommunale vilkår
- Eit stabilt og godt arbeidsmiljø med god fagkompetanse. Ein sosial gjeng både på arbeid og på fritida.
- Vi har fine arbeidslokale og gratis parkering
- Arbeidskle
- Opplæring
- Vi nyttar kommunale bilar i tenesta
Kontaktinformasjon
Solgunn Eide ,Avdelingsleiar,95710263,Solgunn.Eide@sula.kommune.no
Torunn Veddeng,Einingsleiar,+47 95710262,torunn.veddeng@sula.kommune.no
Arbeidsstad
Stadsnesvegen 9B
6030Langevåg
Nøkkelinformasjon:
- Arbeidsgivar: Sula kommune
- Referansenr.: 5205128477
- Stillingsprosent: 82%
- Vikar
- Startdato: 01.01.2027
- Sluttdato: 22.08.2027
- Søknadsfrist: 18.11/2026