Vil du vere med og gjere utdanning mogleg?

Laila Aarset

Ørsta

On-site

NOK 540,000 - 615,000

Full time

9 days ago
Application generator

Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

God opplæring og oppfølging
Fleksibel arbeidstid
Trening i arbeidstida
Sosialt arbeidsmiljø
Pensjonsordninger

Job summary

Ørsta– Lånekassen søker saksbehandlar til å behandle utdanningsstøtte og gi rettleiing på telefon. Du blir ein del av eit fagmiljø som handterer regelverk og vedtak. Du arbeider sjølvstendig, men samarbeid med kollegaer er vanleg i ein hektisk kvardag.

Vi ser etter personar med høg utdanning, gode IT-ferdigheiter og solid skriftleg/munnleg norsk. Fleksibel arbeidstid og oppfølging frå eit støttande team er ordna. Søknadsfrist 18.10.2026.

Qualifications

  • Høgare utdanning frå universitet eller høgskole på minimum bachelornivå.
  • Gode ferdigheiter i bruk av ulike IT-verktøy/program.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
  • Noko erfaring med saksbehandling og/eller administrative oppgåver.
  • God kjennskap til utdanningssystemet i Noreg.

Responsibilities

  • Saksbehandling innanfor tildeling og tilbakebetaling av utdanningsstøtte.
  • Noko informasjon og rettleiing til kundar på telefon (andrelinje).

Skills

Nøyaktig
Strukturert
Saksbehandlingserfaring
IT-ferdigheiter
Norsk framstillingsevne

Education

Bachelorgrad eller høyere

Tools

IT-verktøy

Job description

Kanskje har du sjølv eller nokon du kjenner, fått studiestøtte av Lånekassen? Dei fleste av søknadene vi får inn blir behandla automatisk, men nokre av dei må vurderast av ein av våre dyktige saksbehandlarar. No kan du bli ein av dei som behandlar søknader og svarer på spørsmål om lån, stipend og tilbakebetaling. Vi skal tilsette nye saksbehandlarar til kontoret vårt i Ørsta– har du lyst til å gjere utdanning mogleg?

Viktig å vite for deg som søker
  • Du treng ikkje skrive søknadsbrev når du søker på denne jobben.
  • Du vil få fleire spørsmål som du må svare på i søknadsportalen, og desse spørsmåla erstattar søknadsbrevet.
  • Det er også viktig at du fyller ut CV i søknadsportalen utfyllande, slik at vi får eit rett bilete av den erfaringa du har (du treng ikkje å laste opp CV som eige vedlegg).
Arbeidsoppgåver
  • Saksbehandling innenfor tildeling og tilbakebetaling av utdanningsstøtte.
  • Noko informasjon og rettleiing til kundar på telefon (andrelinje).

I Lånekassen har vi fleire typar stipend og lån, og ulike ordningar for dei som betaler tilbake på studiegjelda. Det gjer at vi har eit omfattande regelverk, som krev nøyaktige saksbehandlarar som klarer å sette saman informasjon og opplysingar frå kundane til å fatte riktige vedtak. Vi tar atterhald om endringar i arbeids- og ansvarsområde.

Om deg

Vi trur du vil trivast best med oss om du er nøyaktig, strukturert og liker å jobbe med detaljar. Oppgåvene du handterer er ofte komplekse og krev derfor at du kan sette seg inn i eit omfattande regelverk, og heldigvis blir du ein del av eit fagleg sterkt miljø. Du arbeider sjølvstendig og tar ansvar for eigne oppgåver, men samarbeider også godt med andre når det er nødvendig. Du set deg raskt inn i både tekniske løysingar og endringar i regelverk, og kan omstille deg dersom det skulle oppstå situasjonar som krev det. Du er flink til å prioritere arbeidsoppgåver i ein hektisk arbeidskvardag.

Dette gjer deg kvalifisert til stillinga

Du må ha

  • høgare utdanning frå universitet eller høgskole på minimum bachelornivå
  • gode ferdigheiter i bruk av ulike IT-verktøy/program
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk

I tillegg ser vi etter deg som har

  • noko erfaring med saksbehandling og/eller administrative oppgåver
  • god kjennskap til utdanningssystemet i Noreg.

Vi legg vekt på personleg eigenskapar.

Kvifor skal du velje oss?

Vi har eit stort hjarte for samfunnsoppdraget om å gjere utdanning mogleg. Hos oss får du engasjerte og fagleg sterke kollegaer. I Ørsta blir du ein del av eit sterkt fagmiljø som er svært opptatte av kundane våre. Vi held til i lyse og fine lokale i Ørsta Torg, med kort avstand til sentrum, kollektivtrafikk og parkeringsplassar. På huset har vi treningsrom, ideelt for dei som tar trimmen rett før eller etter arbeidstid. Vi er opptatte av arbeidsmiljø og har ein del sosiale aktivitetar. Vi er i dag 37 tilsette på Ørstakontoret. Vi veit at ein god balanse mellom arbeid og fritid er viktig for at du skal trivast og yte ditt beste, og vi veit at livet har ulike fasar. Derfor legg vi til rette for ein fleksibel arbeidskvardag. Hos oss er du velkomen på kontoret kvar dag, men med moglegheit for å jobbe inntil to dagar i veka heimanfrå. I tillegg kan vi tilby:

  • god opplæring og oppfølging med fadder
  • fleksibel arbeidstid og sommartid
  • moglegheit til 1 time trening i arbeidstida per veke
  • eit sosialt og hyggeleg arbeidsmiljø prega av trivsel og samarbeid
  • to prosent av løna di blir trekt for medlemskap i Statens pensjonskasse med gode forsikrings-, låne- og pensjonsordningar

Du vil bli tilsett som 1408 Førstekonsulent med lønsplassering frå 540 000 - 615 000 kroner, avhengig av utdanning og erfaring.

Mangfaldig og inkluderande arbeidsliv

Vi er opptatte av at våre kollegaer representerer heile befolkninga, og oppfordrar derfor personar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en til å søke. Du kan krysse av for dette i jobbsøkarportalen. Treng du tilrettelegging, ivaretar vi det.

Praktiske opplysningar

Du treng ikkje skrive søknadsbrev når du søker på denne jobben. Du vil få fleire spørsmål som du må svare på norsk i søknadsportalen, og desse spørsmåla erstattar søknadsbrevet. Du treng ikkje å legge ved CV som eige vedlegg, men det er viktig at du fyller ut CV i søknadsportalen utfyllande slik at vi får eit rett bilete av den erfaringa du har. Du må legge ved karakterutskrift og attestar elektronisk i søknaden. Dersom du har anna morsmål enn norsk, må du dokumentere at du har språknivå tilsvarande B2. Dette gjeld ikkje søkarar med eit skandinavisk språk som morsmål.

Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du forklare dette i søknadsskjemaet. Opplysningane kan bli gjort offentlege sjølv om du har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista, men du vil bli varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje blir tatt til følge.

Kontaktinformasjon
  • Marianne Aspehaug,Gruppeleder,90209306,marianne.aspehaug@lanekassen.no
  • Laila Aarset,Regiondirektør, Avdeling for saksbehandling,99366429,laila.aarset@lanekassen.no
Arbeidssted
  • Vikegata 25
  • 6150Ørsta
Nøkkelinformasjon:
  • Arbeidsgiver: Lånekassen
  • Referansenr.: 5188544707
  • Stillingsprosent: 100%
  • Fast
  • Søknadsfrist: 18.10.2026
Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Vil du vere med og gjere utdanning mogleg?
Vil du vere med og gjere utdanning mogleg?

Lanekassen • Ørsta

On-site
NOK 540,000 - 615,000
Fleksibel arbeidstid
Sommartid
Trening i arbeidstida
+2
Vil du være den trygge kundebehandleren som veileder om studiestøtte?
Vil du være den trygge kundebehandleren som veileder om studiestøtte?

Annbjørg Leden Nytrøen • Oslo

On-site
NOK 540,000 - 590,000
Moderne lokaler i Helsfyr
Kantine og sosiale arrangementer
Fleksibel arbeidstid og sommertid
+1
Vil du utvikle Lånekassen ved å dykke i dataene?
Vil du utvikle Lånekassen ved å dykke i dataene?

Beate Ellingsen AS • Oslo

On-site
NOK 600,000 - 700,000
Kontorlokaler Helsfyr
Sykkelparkering
Treningsrom
+2
Vil du kombinere menneskemøter med et viktig samfunnsoppdrag?
Vil du kombinere menneskemøter med et viktig samfunnsoppdrag?

Skatteetaten, Person • Lillestrøm

On-site
NOK 550,000 - 650,000
Fleksitid
Overtid lønnet
Pensjonsordning
Vær den første til å møte de som trenger vår hjelp!
Vær den første til å møte de som trenger vår hjelp!

Gerd Janne Skodje • Ålesund

Hybrid
NOK 600,000 - 750,000
Fleksitid
Betalt overtid
Sommertid
+2
IT-arkivar
IT-arkivar

Reidar Løfsgaard • Stavanger

Hybrid
NOK 550,000 - 650,000
Fleksitid
Overtid betalt
Pensjonsordning
+1
Assistent ved Hovden skule
Assistent ved Hovden skule

Annelin Wangen • Ørsta

On-site
NOK 120,000 - 160,000
Spennende arbeidskvardag
Godt arbeidsmiljø
Pensjonsvilkår i KLP
Vær den første til å møte de som trenger vår hjelp.
Vær den første til å møte de som trenger vår hjelp.

Trine Karlsen Gulbrandsen • Harstad

Hybrid
NOK 550,000 - 650,000
Fleksitid
Overtid betalt
Sommertid
+1
Vil du utvikle løsninger som brukes av hele Norge?
Vil du utvikle løsninger som brukes av hele Norge?

IT • Oslo

Hybrid
NOK 600,000 - 940,000
Pensjonsordning i Statens pensjonskass
Vil du kombinere menneskemøter med et viktig samfunnsoppdrag?
Vil du kombinere menneskemøter med et viktig samfunnsoppdrag?

Helene Eid Pedersen • Lillestrøm

On-site
NOK 550,000 - 650,000
Fleksitid
Betalt overtid
Sommertid
+3