An application made for this job — a tailored resume and cover letter that speak straight to the posting.
Ørsta kommune søker ein assistent ved Hovden skule og SFO i ein 42% vikarstilling for perioden 01.11.2026 - 31.07.2027. Stillinga inkluderer ferie-SFO-arbeid.
Du vil arbeide med elevgrupper og små elevar, vere ein del av grunnbemanninga i SFO og ferie-SFO, og gjennomføre aktivitetar under rettleiing av pedagog. Godt samarbeid med born, tilsette og føresette er sentralt.
Ørsta kommune har ledig 42 % vikarstilling som assistent ved Hovden skule og SFO for perioden 01.11.2026 - 31.07.2027. Tilsetting vil medføre arbeid i ferie-SFO.
Ørsta kommune har i alt sju kommunale skular, og skulane er organisatorisk plassert i kommunalområdet Oppvekst, kultur og inkludering.
Hovden skule er ein 1.-7. skule med omlag 120 elevar og 20 tilsette. Den ligg fint plassert i Hovdebygda, med nydleg natur rundt seg.
Vi ynskjer at du:
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til gruppeintervju og individuelle intervju.
Arbeidsvilkår:
Stillinga er plassert i kap. 4
Stillingskode 6572 - Assistent
Lønsplassering vert satt utifrå garantilønnstabellen
Tilsetting elles i samsvar med gjeldande lov- og regelverk
Prøvetid
Prøvetid i faste stillingar er 6 mnd. I lengre vikariat er det høvesvis. Fråvær går til fråtrekk. Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement.
Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium forintern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltidstilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett.jf. AML §14.
Dokumentasjon
Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar.
Om offentleglova
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste, i samsvar med offentleglova §25.Ønsker du å at namnet ditt skal vere unnateke fra den offentlege søkarlista, må du grunngje dette i søknadsskjemaet. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil du få beskjed og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.