Obtenez une réponse de cet employeur
Votre CV et votre lettre de motivation, adaptés exactement à ce que l’employeur recherche.
Bjørnafjorden kommune søkjer etter ein barnehagelærar til å bidra til eit trygt og stimulerande oppvekstmiljø i barnehagen.
Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?
I Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobber målretta for å skape gode oppvekstvilkår for barna våre. Barnehageutvikling står sentralt med særleg vekt på språk, ASK, leik, inkluderande barnehagemiljø og berekraftig utvikling.
Jettegryto barnehage ligg sentralt til i Eikelandsosen. Barnehagen har 20 tilsette og 73 barn fordelt på 5 avdelingar. I 2023 flytta vi inn i eit nytt og moderne bygg, vi har innbydande lokaler, eit fantastisk uteområde og moglegheit for bemanna plantid. Barnehagen har kort veg til sjø, skog og fjell noko som innbyr til både leik og turar i nærmiljøet.
Utdanning som barnehagelærar. Utdanning frå utlandet skal vere godkjent av HK-dir.
Det vil sei at du må kunne vise til både:
Søkarar må ha særs gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.
Vi ser etter deg som:
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak fra innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.
Vi vil aldri be søkjarar om å oppgiBANK-ID-informasjon i søknadsprosessen.