Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Hardanger fartøyvernsenter søkjer ein administrasjonskonsulent som vil spela ei sentral rolle i den daglege drifta av verksemda. Stillinga er variert og omfattar administrasjon, logistikk, innkjøp, HMS, kvalitetssystem, lærlingoppfølging og intern koordinering.
Du bidreg til at fagmiljøa våre kan konsentrera seg om kjerneoppgåvene innan fartøyvern, handverksopplæring, kulturminneforvaltning og formidling. Sentrale oppgåver er å sikra rutinar og gode administrative system.
Vil du vera med å halda hjula i gang ved eit av dei nasjonale fartøyvernsentra?
Hardanger fartøyvernsenter (HFS) er ei allsidig verksemd som driv museum, restaurering av verneverdige fartøy og bygg, vern og vidareføring av tradisjonshandverk, fagopplæring, maritim leirskule og reiseliv. HFS er eitt av tre nasjonale fartøyvernsenter. Senteret er ein avdeling i Hardanger og Voss museum med kring 45 tilsette i Norheimsund.
Til stillinga søkjer me ein strukturert og serviceinnstilt administrasjonskonsulent som vil spela ei sentral rolle i den daglege drifta av verksemda. Stillinga er variert og omfattar oppgåver innan administrasjon, logistikk, innkjøp, HMS, kvalitetssystem, lærlingoppfølging og intern koordinering.
Som administrasjonskonsulent bidreg du til at fagmiljøa våre kan konsentrera seg om kjerneoppgåvene sine innan fartøyvern, handverksopplæring, kulturminneforvaltning og formidling. Du får ei viktig rolle i å sikra gode rutinar og velfungerande administrative system.
Kvalifikasjonar
Det er ein fordel om du har
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar vert tillagde stor vekt
Ei variert og meiningsfull stilling ved eit av dei fremste fagmiljøa innan maritim kulturhistorie, fartøyvern og tradisjonshandverk i Noreg. Du får arbeida tett på både fagpersonar og leiarar i ei verksemd med stort samfunnsoppdrag og høgt aktivitetsnivå.
Hardanger fartøyvernsenter kan tilby gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftshelseteneste og velferdsordningar.
Nærare opplysningar om stillinga kan du få ved å kontakta avdelingsleiar ved HFS, Sjur Tarjei Fykse på telefon 97 66 56 55.
Hardanger fartøyvernsenter (HFS) er ei allsidig verksemd som driv museum, restaurering av verneverdige fartøy og bygg, vern og vidareføring av tradisjonshandverk, fagopplæring, maritim leirskule og reiseliv.
HFS er eitt av tre nasjonale fartøyvernsenter. Senteret er ein avdeling i Hardanger og Voss museum med kring 45 tilsette i Norheimsund.