A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Norges domstoler søker ein jordskiftedommar som skal arbeide med eit breitt spekter av juridiske oppgåver og vere med å sikre eit godt samfunnsoppdrag. Stillinga er konstitusjon ved Hordaland jordskifterett, rettsstaden Voss, med moglegheit for forlenging og krav til flat språk og klåre framstillingar.
Arbeidsoppgåvene inkluderer leiing av rettsmøte, saksgjennomføring og fagleg deling i eit variert og samfunnsviktige fagmiljø. Løn og tillegg vil vere konkurransedyktig og tilpassa stillinga.
I denne stillinga får du høve til å arbeide med eit breitt spekter av juridiske oppgåver, samstundes som du har ei viktig samfunnsrolle - nemleg å skape tillit mellom naboar.
Som jordskiftedommar handterer du mellom anna saker om naboar som treng å avklare vegrett, usemjer knytte til jaktrettar og tvistar om eigedomsgrenser.
Mange av partane er sjølvprosederande, noko som stiller krav til fagleg presisjon, god dømmekraft og evne til å formidle jussen på ein folkeleg måte.
Ei svært positiv side ved denne jobben er variasjonen gjennom arbeidskvardagen - og då tenkjer vi verken på dei jordskiftefaglege problemstillingane eller partane du møter, men korleis arbeidet blir utført. Du kan sitje på kontoret den eine dagen og vere på synfaring den andre.
Det blir ledig ein eittårig konstitusjon med moglegheit til forlenging som jordskiftedommar ved Hordaland jordskifterett, rettsstad Voss. Rettsstad Bergen vil òg kunna vurderast som kontorstad. Det må påreknast å gjere teneste på begge rettsstadane i jordskiftesoknet. Tiltreding etter avtale.
Dei viktigaste arbeidsoppgåvene dine vil vere:
å planleggje og gjennomføre sakene på ein effektiv måte
å leie rettsmøte og rettsmeklingar
å bidra til gode fagmiljø gjennom deling av kunnskap og erfaringar
For å bli jordskiftedommar må du ha følgjande kompetanse:
jordskiftefagleg utdanning på mastergradsnivå som oppfyller vedtekne kompetansekrav
god skriftleg og munnleg framstillingsevne, med eit klart og tilgjengeleg språk
sterke analytiske evner og eit godt blikk for komplekse juridiske og jordskiftefaglege problemstillingar
vere fleksibel og ha kapasitet til å bidra ved behov
Vitnemål og karakterutskrifter skal leggjast ved søknaden. Vi ber om at dokumentasjonen blir henta frå Vitnemålsportalen og lasta opp saman med søknaden.
Personlege eigenskapar
Det er viktig at du kjenner deg att i fleire av følgjande eigenskapar:
du har høg fagleg kompetanse
du må ha høg personleg integritet og kunna opptre uavhengig av partane
Det vil bli lagt vekt på om du er personleg eigna for embetet.
I tillegg til ein jobb som har stor betydning for enkeltpersonar og samfunnet, får du:
stort rom for kontinuerleg utvikling i eit spennande fagmiljø - du vil arbeide i kjernen av utviklinga av jordskiftefaget
faglege samlingar og samarbeid med andre jordskifterettar
Ved tilsetjing blir det tilbydd årsløn som for tiden er kr. 1 049 200,-
Skyss- og kostgodtgjersle etter statens regulativ. Jordskifteretten har ei felles bilordning, og søkjaren må ha førarkort for bil.
Det er viktig at dei tilsette i norske domstolar representerer eit godt mangfald med ulik bakgrunn og livserfaring. Vi har i dag eit rikt og fleirkulturelt samfunn. Noregs domstolar ønskjer derfor å rekruttere fleire medarbeidarar som har ein fleirkulturell bakgrunn, ulik arbeids- og livserfaring, funksjonsnedsetjing og hol i CVen. Dette vil gi domstolane viktig kunnskap i utføringa av samfunnsoppdraget.
Mangfald er ein styrke, og vi vil leggje til rette for tilsette med ulike behov. Les meir om moglegheita for positiv særbehandling på https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling.
Den som blir utnemnd må, utan erstatning finne seg i dei endringane som måtte bli gjort i rettskrinsane og i organiseringa av domstolane, til dømes samanslåing med andre domstolar. Omorganisering kan føre til bortfall av leiaransvar, administrative oppgårver, endring av tittel og/eller ny kontorstad.
Personopplysningar i søknaden til stillinga og i CV-en vil bli handterte i samsvar med lov om behandling av personopplysninger. Du kan lese meir om personvern på domstol.no. Her finn du også generell informasjon om domstolane.
Vi utarbeider offentleg søkjarliste og viser til offentleglova § 25 andre ledd for høvet til å bli utelaten frå denne lista. Etter at søknadsfristen har gått ut, vil offentleg søkjarliste vere tilgjengeleg på: www.domstol.no/no/innstillingsradet/ledige-stillinger/sokerliste/
Generell informasjon til søkjarane finst på www.domstol.no/innstillingsradet.
Domstolane er den tredje statsmakta. Noreg har 55 domstolar med om lag 2000 medarbeidarar. Som den viktigaste konfliktløysar i samfunnet er domstolane avhengige av tillit. Det inneber at verksemda må innfri krava og forventningane samfunnet har.
Domstolane er avgjerande for at vi har eit trygt og godt samfunn bygd på tillit. Alle skal ha tillit til og respektere avgjerdene våre, uavhengig av utfallet. Hos oss kan kvar og ein få avgjort saka si, setje strek og kome seg vidare.
Med rolla vår følgjer eit stort ansvar. Avgjerdene våre er uavhengige og upåverka av styresmakter eller press frå andre miljø. Domstolane arbeider med komplekse og varierte juridiske problemstillingar.
Noreg er delt inn i 19 jordskifterettar med om lag 230 tilsette. Les meir om jordskifterettane her: https://www.domstol.no/no/jordskifterettene. Jordskifteretten er ein særdomstol som i hovudsak arbeider med omforming av eigedomar, organisering av felles bruk av eigedomar, klargjering av rettsforhold, grenser til fast eigedom og ei rekkje skjønnsaker.
Hordaland jordskifterett er lokalisert i Bergen og på Voss, og har i dag 7 dømande årsverk og ei samla bemanning på 15 årsverk. Domstolen omfattar kommunane Askøy, Alver, Austevoll, Austrheim, Bergen, Bjørnafjorden, Eidfjord, Fedje, Kvam, Masfjorden, Modalen, Osterøy, Samnanger, Ullensvang, Ulvik, Vaksdal, Voss og Øygarden.
Jordskifterettsleiar