A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Norges domstolar lyser ut ein konstitusjon som tingrettsdommar på seks månader, med moglegheit for forlenging ved Hordaland tingrett. Tiltreding etter nærare avtale.
Stillinga krev juridisk embetseksamen/cand.jur. eller master i rettsvitskap, relevant erfaring og evne til god skriftleg og munnleg framstilling. Tilsett må vere norsk statsborgar.
Noregs domstolar er den tredje statsmakta og den fremste konfliktløysaren i samfunnet.
Som dommar får du arbeide med eit breitt spekter av juridiske problemstillingar, bidra til konfliktløysing mellom menneske og ta avgjerder som betyr mykje både for menneske og for samfunnet. Det er ein fagleg krevjande og spennande jobb, der den enkelte skal forvalte viktige samfunnsverdiar som uavhengigheit, rettstryggleik og tillit.
Det blir ledig ein konstitusjon som tingrettsdommar på seks månader, med mogleigheit for forlenging ved Hordaland tingrett. Tiltreding etter nærare avtale.
Dei viktigaste arbeidsoppgåvene er
For å bli tingrettsdommar må du ha følgjande kompetanse:
Du må vere norsk statsborgar. Det krevst uttømmande politiattest dersom du blir innstilt.
Det er viktig at du kjenner deg igjen i fleire av desse eigenskapane:
Det vil bli lagt vekt på om du er personleg eigna for embetet.
Ved tilsetjing tilbyr vi årsløn som for tida er kr 1 483 700.
Det er viktig at dei tilsette i norske domstolar representerer eit godt mangfald med ulik bakgrunn og erfaring. Vi har i dag eit rikt og fleirkulturelt samfunn. Noregs domstolar ønskjer difor å rekruttere fleire dommarar som har fleirkulturell bakgrunn og erfaring. Dette vil gje domstolane viktig kunnskap i utføringa av samfunnsoppdraget.
Mangfald er ein styrke, og vi vil leggje til rette for tilsette med ulike behov. Les meir om moglegheita for positiv særbehandling på https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling .
Den som blir utnemnd må, uten erstatning finne seg i dei endringane som måtte bli gjorde i rettskrinsane og i organiseringa av domstolane, til døstes samanslåing med andre domstolar. Omorganisering kan føre til bortfall av leiaransvar, administrative oppgåver, endring av tittel og/eller ny kontorstad.
Personopplysningar i søknaden til stillinga og i CV-en vil bli handterte i samsvar med lov om behandling av personopplysninger. Du kan lese meir om personvern på domstol.no. Her finn du også generell informasjon om domstolane.
Vi utarbeider offentleg søkjarliste og viser til offentleglova § 25 andre ledd for høvet til å bli utelaten frå denne lista. Etter at søknadsfristen har gått ut, vil offentleg søkjarliste vere tilgjengeleg på Søkerlister - Innstillingsrådet for dommere | Norges domstoler .
Generell informasjon til søkjarane finst på www.domstol.no/innstillingsradet .