Saksbehandlar

Møre og Romsdal jordskifterett

Mork

On-site

NOK 420,000 - 580,000

Full time

14 days+

Get a reply from this employer

Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Fleksibel arbeidstid
Pensjonsordning i Statens pensjonskase

Job summary

Møre og Romsdal jordskifterett i Ørsta søkjer ein saksbehandlar som får ansvar for eigne oppgåver og arbeider tett med fagleg sterke kollegaer for å leggja til rette for sakshandsaming og gjennomføring av rettsprosesser.

Du må ha bachelorgrad eller fagbrev i relevant fagfelt, og vere god i norsk skriftleg og munnleg. Vi tilbyr fleksible arbeidsordningar og god pensjons- og låneordning i Statens pensjonskasse.

Qualifications

  • Utdanning på bachelornivå, fortrinnsvis innan administrasjon og samfunnsfag, juss eller IT, eller fagbrev i kontor- og administrasjonsfag.
  • Relevant arbeidserfaring frå saksbehandling.
  • Gode digitale ferdigheiter, interesse for ny teknologi og evne til å sjå moglegheiter i digitale prosessar og verktøy.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
  • Du yter service og har ein objektiv og tillitsvekkjande måte overfor partane i sakene.

Responsibilities

  • Førebu og etterbehandle saker i nært samarbeid med jordskiftedommarane.
  • Kommunikasjon med partar, advokatar og andre aktørar.
  • Bidra til eit effektivt og profesjonelt gjennomføre sakene for brukarane.

Skills

gode digitale ferdigheiter
god skriftleg og munleg framstilling
samarbeidsevner
evne til å sjå moglegheiter i digitale

Education

Bachelorgrad eller fagbrev i administrasjon/juss/IT

Job description

Vil du arbeide som saksbehandlar i ein jordskifterett? Hjå oss får du ansvar for eigne oppgåver, samtidig som du arbeider tett saman med fagleg sterke kollegaer med eit stort engasjement for domstolane.

Landet er delt inn i 19 jordskifterettar med ca. 230 tilsette. Jordskifteretten er ein særdomstol som i hovudsak arbeider med omforming av eigedommar, organiserer felles bruk av eigedommar, klargjer rettsforhold og grenser til fast eigedom, og ei rekke skjønn. Du kan lese meir på www.domstol.no/jordskifterettene .

Som saksbehandlar får du arbeide med eit breitt spekter av oppgåver, som å førebu, leggje til rette for og etterbehandle saker i nært samarbeid med jordskiftedommarane. I løpet av arbeidsdagen har du kontakt med partar, advokatar og andre profesjonelle aktørar. Di rolle er viktig og du bidreg til at sakene blir gjennomførte på ein effektiv og profesjonell måte til beste for brukarane av jordskifteretten.

Her er ingen dag lik, og din innsats er heilt nødvendig for at vi kan gjennomføre rettsakene. Sjå korleis tilsette i jordskifteretten presenterer stillingane sine på www.domstol.no/no/jobb-i-domstolene/jordskifterettene.

Møre og Romsdal jordskifterett har rettsstadar i Ørsta, Molde og Surnadal og denne stillinga er knytt til rettsstaden i Ørsta. Domstolen blir leia av eindomstolleiar og har i dag seks jordskiftedommarar, ein dommarfullmektig, åtte tekniske utgreiarar og tre saksbehandlarar. Du vil med andre ord få eit tverrfagleg arbeidsmiljø med svært kompetente kollegaer som alle deler eit engasjement for samfunnsoppdraget vårt. Møre og Romsdal jordskifterett dekkjer alle kommunane i Møre og Romsdal samt Rindal kommune i Trøndelag.

Saksbehandlarane har ein kvardag med varierte oppgåver, som i perioder kan vere hektisk og krevjande.

  • Kommunikasjon med eksterne aktørar og andre brukarar - mellom anna bidra til aktiv saksstyring og sakshandsaming

Saksbehandlarane er domstolen sin førstelinje og du vil derfor få ein del kontakt med publikum. Vi jobbar med stadig forbetring av rutinar og bruk av ny teknologi. Du vil vere ein viktig bidragsytar inn i dette arbeidet. I tillegg har i dag saksbehandlar i Ørsta ansvaret for innregistrering av fysisk post som kjem til domstolen.

For å bli saksbehandlar bør du ha følgjande kompetanse:

  • utdanning på bachelornivå, fortrinnsvis med fag innan administrasjon og samfunnsfag, juss eller IT, eller ha fagbrev i kontor- og administrasjonsfag
  • relevant arbeidserfaring frå saksbehandling
  • gode digitale ferdigheiter, interesse for ny teknologi og evne til å sjå moglegheiter i digitale prosessar og verktøy
  • god skriftleg og munnleg fremstillingsevne på norsk
  • Du yter service og opptrer på ein objektiv og tillitsvekkjande måte overfor partane i sakene.
  • Du har gode samarbeidsevner og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
  • Du kan delta i dialog med partar, private og offentlege instansar på ein god og forståeleg måte.
  • Du taklar ein travel kvardag med mange ulike oppgåver og mange baller i lufta.

I tillegg til ein jobb som er viktig for både enkeltpersonar og samfunnet får du:

  • moglegheita til å utvikle både domstolen og deg sjølv
  • eit godt tverrfagleg miljø
  • fleksibel arbeidskvardag med fleksitid, og trening i arbeidstida
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse

Stillinga blir lønt som førstekonsulent (kode 1408)/rådgivar (kode 1434) etter Hovedtariffavtalen, avhengig av din kompetanse.

Domstolane er den tredje statsmakta. Noreg har 55 domstolar med om lag 2000 medarbeidarar. Som samfunnet sin viktigaste konfliktløysar er domstolane avhengige av tillit. Det inneber at verksemda må innfri samfunnet sine krav og forventningar.

Domstolane er avgjerande for at vi har eit trygt og godt samfunn bygd på tillit. Alle skal ha tillit til og respektere avgjerdene våre, uavhengig av utfallet. Hos oss kan kvar og ein få avgjort saka si, setje strek og kome seg videre.

Med rolla vår følgjer eit stort ansvar. Avgjerdene våre er uavhengige og upåverka av styresmakter eller press frå andre miljø. Domstolane arbeider med komplekse og varierte juridiske problemstillingar.

Personopplysningar i søknad og CV til stillinga blir behandla i samsvar med lov om behandling av personopplysningar. Du kan lese meir om personvern på www.domstol.no .

Vi utarbeider offentleg søkjarliste og viser til offentleglova § 25 andre ledd når det gjeld moglegheita for å bli unnateken frå denne.

Det er viktig at dei tilsette i Noregs domstolar representerer eit godt mangfald med ulik bakgrunn og erfaring. Vi har i dag eit rikt og fleirkulturelt samfunn. Noregs domstolar ønskjer derfor å rekruttere fleire medarbeidarar som har fleirkulturell bakgrunn og erfaring. Dette vil gi oss viktig kunnskap i utføringa av samfunnsoppdraget. Mangfald er ein styrke, og vi vil leggje til rette for tilsette med ulike behov. Les meir om moglegheita for positiv særbehandling på arbeidsgiver.dfo.no .

Tilkallingsvikar assistent/fagarbeidar/miljørettleiar - Ørstaskulen skuleåret 26/27

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Saksbehandlar
Saksbehandlar

Asbjørn Rogne • Mork

On-site
NOK 520,000 - 640,000
Gode pensjons-, forsikrings- og låneav
Trives du like godt på en fjelltopp som på et kontor?
Trives du like godt på en fjelltopp som på et kontor?

Nord-Troms jordskifterett • Tromsø

On-site
NOK 650,000 - 750,000
Fleksible avspasering
Tilrettelegging for trening
Gode pensjonsordninger i SPK
+1
To embeter som tingrettsdommer ved Agder tingrett
To embeter som tingrettsdommer ved Agder tingrett

Robert Versland • Kristiansand

On-site
NOK 1,261,000 - 1,706,000
kompetanseprogram for dommere
én måneds studiepermisjon hvert fjerde
gode pensjonsordninger i Statens pensk
Konstitusjon som tingrettsdommar ved Hordaland tingrett
Konstitusjon som tingrettsdommar ved Hordaland tingrett

Håkon Rastum • Bergen

On-site
NOK 1,335,000 - 1,632,000
Konstitusjon som tingrettsdommer ved Romerike og Glåmdal tingrett
Konstitusjon som tingrettsdommer ved Romerike og Glåmdal tingrett

Odd Magne Gjerde • Lillestrøm

On-site
NOK 1,335,000 - 1,632,000
Embete som tingrettsdommer ved Hedmarken og Østerdal tingrett
Embete som tingrettsdommer ved Hedmarken og Østerdal tingrett

Mari Bø Haugstad • Hamar

On-site
NOK 1,335,000 - 1,632,000
Pensjonsordning
Forsikring
Låneordninger
+1
Konstitusjon som tingrettsdommer ved Trøndelag tingrett
Konstitusjon som tingrettsdommer ved Trøndelag tingrett

Magnhild Børsting Røe • Steinkjer

On-site
NOK 1,335,000 - 1,632,000
Pensjonsordning
Forsikringsordning
Låneordning
Er du interessert i eigedom og kart, og likar varierte oppgåver?
Er du interessert i eigedom og kart, og likar varierte oppgåver?

Møre og Romsdal jordskifterett • Nedre Buhagan

On-site
NOK 550,000 - 750,000
Fagsamlingar
Pensjonsordning
Fleksible ordningar
+1
To embeter som tingrettsdommer ved Agder tingrett - fornyet søknadsfrist
To embeter som tingrettsdommer ved Agder tingrett - fornyet søknadsfrist

Robert Versland • Kristiansand

On-site
NOK 1,335,000 - 1,632,000
Kontinuerlig utvikling
Dommerkompetanseprogram
Studiepermisjon
+3
Lærling i service- og administrasjonsfaget ved rettsted Svolvær
Lærling i service- og administrasjonsfaget ved rettsted Svolvær

Alf Gunnar Holm • Vågan

On-site
NOK 379,440 - 463,760
Muligheter for kompetanseutvikling
Støtte fra erfarne veiledere
Trening i arbeidstiden