Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.
Suldal heimetenester søkjer ein avdelingsleiar for heimesjukepleien i 100 % stilling frå snarast. Avdelinga omfattar Praktisk bistand og Dagsenterdrift, og leiar vil ha personal- og fagleg ansvar i eininga.
Den rette kandidaten har autorisasjon som sjukepleiar, erfaring frå heimetenesta, god digital kompetanse og evne til tverrfagleg samarbeid. Arbeidet er organisert i eit godt fagmiljø med fokus på utvikling og kvalitet.
Heimetenestene i Suldal kommune søkjer vikar som avdelingsleiar for heimesjukepleien i 100 % stilling, i perioden frå snarast og fram til 31.08.2027. Unde heimesjukepleien ligg også praktisk bistand og dagsenterdrift. Avdelingsleiar har personal- og fagleg ansvar for tilsette i avdelinga, og er ein sentral del av leiargruppa i eininga. Interne vert oppmoda til å søkje, og kvalifikasjonsprisippet vert fulgt.
Suldal heimetenester er den største kommunale eininga i Suldal og er delt i to hovudavdelingar - Heimesjukepleien (inkl Praktisk bistand og Dagsenterdrift) og Psykisk helse (inkl ROP-teneste, tildelingskontor, Demenskoordinator, ergoterapeut, Barne-og familieteam og Barnekoordinator). Me er om lag 80 tilsette fordelt på omlag 55 årsverk. Me yt tenester til innbyggjarar i alder 0 - 100 år +, heile døgnet, og har tenestemottakarar i heile kommunen. Me er engasjerte og framtidsretta, og jobbar etter arbeidsmetodar som fokuserer på "Gode pasientforløp".