An application made for this job — a tailored resume and cover letter that speak straight to the posting.
Sinnes skule i Øvre Sirdal søkjer lærar til eit 100% vikariat frå 30.11.26 til 31.07.27. Du blir med i eit lite lag som arbeider målmedvite med elevane og skulen sin utvikling, med fokus på kreativ undervisning og eit godt læringsmiljø.
Du må oppfylle opplæringslova sine krav om tilsetting og ha undervisningskompetanse i nynorsk. Søkjarar må levera godkjend politiattest og vere villige til å bidra i eit inkluderande, aktivt arbeidsfellesskap.
Ledig 100% vikariat som lærar på Sinnes skule frå 30.11.26-31.07.27
Tar du ei utfordring og flyttar til Øvre Sirdal? Du har kanskje hytte, og kan slå saman hygge og nytte? Eller har du lyst til å bli del av eit viktig lag? Eit lag som arbeider med dei viktigaste personane i landet – nemleg barn og unge? Grunnskulane i Sirdal arbeider målmedvite med å utvikla elevane, og skapa ein god skule som "opnar dører mot verda og framtida" og bidreg til at elevane skal "meistra liva sine". Kan og ønskjer du å bidra, så søk på denne jobben!
Sirdal kommune har to grunnskular, Tonstad skule og Sinnes skule. Tonstad skule har om lag 190 elevar og ligg i kommunesenteret Tonstad, medan Sinnes skule har om lag 50 elevar og ligg i på Sinnes i Øvre Sirdal. Begge skulane er kombinerte skular med 1. – 10. trinn og SFO-tilbod. Skulane arbeider aktivt med skuleutvikling i eit profesjonsfellesskap, og er opptekne av læring og læringsmiljø. Arbeid med inkludering er ei satsing som er påbegynt og som vil utfordra både tilsette og elevar til vidare utvikling av skulane våre.
Sinnes skule treng ein lærar som er engasjert, fleksibel, positiv, lojal, relasjonell og samarbeidsvilleg. Me er ein fådelt skule med rett under 50 elevar, og leiinga er open for idear og gjev handlingsrom til kvar enkelt. Dei tre siste åra har klassar på Sinnes skule m.a. vore juryklasse i Bokslukerprisen, anmeldarklasse i Uprisen, vunne Tyskforum sin brødrene Grimm-konkurranse og vore finalistar i Skoglekene 2023. Her kan du med andre ord utfalda deg kreativt i eit lite, men godt miljø med kjekke kollegaer og elevar.
Er du interessert i friluftsliv, ligg skulen midt i turområdet sommar som vinter, og me nyttar nærmiljøet aktivt i mange fag, t.d. uteskule og til korte og lengre turar med og uten overnatting. Det er òg symjehall og gymsal på skulen med hyppig bruk både i skuletida og på kveldstid. Skulen satsar elles på internasjonalisert undervising gjennom ASP-net, UNESCO sitt skulenettverk, og LeseLOS i tillegg til videre arbeid med fagfornyinga.
Me trivst med kjekke elevar og kollegaer i relativt nytt bygg med kontor til kvart team, og vil gjerne ha deg med på laget! Her får du høve til å vera både kreativ og aktivt forma lærarkvardagen. Du er hjarteleg velkomen!
Kvalifikasjonar
For stillingane gjeld:
Spørsmål om utlysinga kan rettast til:
Rektor Sinnes skule, Åse-Berit Fidjeland, tlf. 945 21 258
Søknadsfrist: 13. oktober 2026