A complete application in a minute — tailored resume and cover letter, ready to send.
Sirdal kommune søkjer rektor ved Tonstad skule. Tonstad skule er ei kombinasjon av barne- og ungdomsskule med om lag 180 elevar og 44 tilsette. Som rektor blir du ein sentral del av leiinga og vil setja retning for læring, trivsel og utvikling i skulen og i Sirdalsskulen.
Du leier eit fagleg sterkt kollegium, arbeider for eit trygt læringsmiljø, og samarbeider tett med elevar, føresette og tilsette. Kunnskap om leiing, digital praksis og utviklingsarbeid blir vektlagt i tilsetjinga.
Bli med og styrk Sirdalsskulen!
Sirdal kommune søkjer ein engasjert og utviklingsorientert rektor ved Tonstad skule, som gjennom samarbeid og samhandling ønskjer å styrkja Sirdalsskulen.
Dette er eit unikt høve for deg som vil vera med og vidareutvikla ein moderne skule i ein kommune med høge ambisjonar på vegne av elevane. Rektor rapporterer til verksemdsleiar for skule og opplæring.
Tonstad skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule i Sirdal kommune med om lag 180 elevar. Skulen har 44 tilsette i skule og SFO. Skulen ligg sentralt på Tonstad, i nærleiken av idrettshall, fotballhall og kulturhus. Skulen har moderne lokale, med ein innbydande aula og eit bibliotek der skulen samlast. Skulen har gode inne- og uteområde som legg til rette for læring, trivsel og fellesskap.
Leiinga ved skulen består av rektor, assisterande rektor og SFO-leiar.
Ved Tonstad skule arbeider vi for å skapa eit trygt og inkluderande læringsmiljø der alle elevar opplever meistring, trivsel og utvikling. Skulen arbeider for å vera ein lærande organisasjon der profesjonsfellesskapet står i sentrum. Det systematiske arbeidet med læringsmiljøet blir styrkt gjennom tema som mellom anna klasseleiing, elevmedverknad, vurdering og pedagogisk praksis. Lesing og leik/uteskule er område skulen satsar på.
Som rektor blir du ein del av eit fagleg sterkt rektorkollegium, leia av verksemdsleiar for skule og opplæring.
Det blir lagt vekt på at du er personleg eigna.
Den som blir tilsett, må leggja fram godkjend politiattest før tilsetjing, jf. § 17-11 i opplæringslova.
Sirdal kommune søkjer rektor til Tonstad skule. Kommunen står i ein unik og samansett økonomisk situasjon, med sterke finansielle rammer, høge inntekter frå kraftressursar og låg lånegjeld. Samtidig står kommunen framfor eit skifte der vi må styra kostnadene smart og rigga økonomien for framtida. Med fokus på bustadattraktivitet, kunnskap og læring, samarbeid og samhandling skal vi møte samfunnsutfordringane Sirdal står overfor.