Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.
Tonstad skule i Sirdal kommune søkjer ein engasjert assisterande rektor. Du vil vere med og styrkje skulen si leiargruppe og bidra til eit trygt og inkluderande læringsmiljø for ca. 180 elevar og 44 tilsette.
Du vil leia og vidareutvikla drifta i tråd med lovverk, planverk og kommunale målsetjingar, delvis undervisning (10%) og tett samarbeid med elevar, føresette og tilsette. Kjennskap til digital praksis vert vektlagt.
Sirdal kommune søkjer ein engasjert og utviklingsorientert assisterande rektor ved Tonstad skule, som gjennom samarbeid og samhandling ønskjer å vera med og styrkja Sirdalsskulen.
Dette er eit unikt høve for deg som ønskjer å utvikla deg som skuleleiar ved ein moderne skule i ein kommune med høge ambisjonar på vegne av elevane.
Tonstad skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule i Sirdal kommune med om lag 180 elevar. Skulen har 44 tilsette i skule og SFO. Skulen ligg sentralt på Tonstad, i nærleiken av idrettshall, fotballhall og kulturhus. Skulen har moderne lokale, med ein innbydande aula og eit bibliotek der skulen samlast. Skulen har gode inne- og uteområde som legg til rette for læring, trivsel og fellesskap.
Leiinga ved skulen består av rektor, assisterande rektor og SFO-leiar.
Ved Tonstad skule arbeider vi for å skapa eit trygt og inkluderande læringsmiljø der alle elevar opplever meistring, trivsel og utvikling. Skulen arbeider for å vera ein lærande organisasjon der profesjonsfellesskapet står i sentrum. Det systematiske arbeidet med læringsmiljøet blir styrkt gjennom tema som mellom anna klasseleiing, elevmedverknad, vurdering og pedagogisk praksis. Lesing og leik/uteskule er område skulen satsar på.
Det blir lagt vekt på at du er personleg eigna.
Den som blir tilsett, må leggja fram godkjend politiattest før tilsetjing, jf. § 17-11 i opplæringslova.
Sirdal kommune søkjer assisterande rektor til Tonstad skule. Kommunen står i ein unik og samansett økonomisk situasjon, med sterke finansielle rammer, høge inntekter frå kraftressursar og låg lånegjeld. Samtidig står kommunen framfor eit skifte der vi måstyra kostnadene smart og rigga økonomien for framtida. Med fokus på bustadattraktivitet, kunnskap og læring, samarbeid og samhandling skal vi møte samfunnsutfordringane Sirdal står overfor.