Une candidature complète en une minute
Un CV et une lettre de motivation personnalisés, prêts à envoyer.
Vestnes legesenter søker sjukepleiar eller helsesekretær som kan arbeide i fire stasjonar: laboratorium, skiftestue, resepsjon og arkiv. Du må kunne sjølvstendig arbeide og like godt i team, og ha god norsk muntlig og skriftlig kompetanse (B2).
Kommunen tilbyr lønn etter gjeldande tariffavtale og eit godt arbeidsmiljø. Prøvetid gjeld, og Vestnes ligg sentralt i Møre og Romsdal med gode kommunikasjonar.
Arbeidet på legesenteret er organisert med rotasjon på 4 arbeidsstasjonar: laboratorium, skiftestue, resepsjon og arkiv. Søkjaren må vere i stand til å arbeide på alle 4 stasjonar.
prøvetaking, diverse analyser samt klargjering av prøver til sending. Ta EKG, spirometri og 24 timars blodtrykk.
bistå legane i pasientbehandling og gjennomføre behandling ordinert av lege som f.eks. sårbehandling, medikamentinjeksjonar m.m.
betjene sentralbord, ta imot pasientar samt handtere oppgåver som desse henvendelsane genererer.
svare på telefonar og utføre oppgåver i samband med dette, arkivere dokument, sortering av post samt anna førefallande kontorarbeid.
Du må ha autorisasjon som sjukepleiar eller helsesekretær
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot.
Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 måneder.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.
Vestnes legesenter er lokalisert i sentrum av Vestnes kommune. Vestnes ligg idyllisk til, midt i Møre og Romsdal. Her er det kort avstand til nabobyane Molde og Ålesund, samt 30 min. unna Åndalsnes/Rauma. I Molde og Ålesund er det flyforbindingar til resten av landet, medan Åndalsnes har togstasjon. Vi er stolt av den flotte naturen vår med Romsdalsalpane i eine enden og Sunnmørsalpane i andre enden av kommunegrensa. Det er kort veg til attraksjonar som Rampestreken, Romsdalseggen, Trollstigen, Geiranger, Atlanterhavsvegen m.fl. Kommunen er ein båtbyggarkommune med fleire store skipsverft. Det har dei siste åra vore fokus på utvikling av næringslivet med fleire støtteordningar til lokale gründerverksemder. Les meir om den flotte kommunen vår på ivestnes.no