Enable job alerts via email!
En organisasjon i læring i Alver kommune søker en engasjert vernepleier eller miljøterapeut til en 100% stilling. Denne stillingen innebærer faglig utvikling, direkte oppfølging av beboere med funksjonshemming og samarbeid med helsepersonell. Ideal kandidaten har relevant utdanning og er opptatt av å gi tjenester av høy kvalitet. Stillingens turnus vil for det meste være dagvakter og noen kvelds- og helgevakter.
Me søkjer ein engasjert og motivert kollega til ei 100% stilling i Bjørkhaugen bufellesskap. Turnus vil per no i hovudsak vere dagvakter på ca 7,5 timar og ei til to kveldsvakter i veka og arbeid kvar helg med lange vakter. Oppstart er etter avtale.
Bjørkhaugen Bufellesskap ligg sentralt i Knarvik, og er heimen til 6 personar med ulik grad av funksjonshemming. Bustaden er døgnbemanna. Vårt mål er å gje tilpassa tenester for at kvar og ein skal oppleve meistring og sjølvråderett, samt å få riktig hjelp og støtte for å leve eit godt liv. Me er også opptatt av å gje tenester av høg kvalitet for å sikre ein best mogleg kvardag for den einskilde.
For å oppnå dette treng me ein vernepleiar eller miljøterapeut med engasjement og pågangsmot. Me søkjer engasjert og fagleg interessert vernepleier eller miljøterapeut.
Kvinner vil vurderast for stillinga med bakgrunn i tenestemottakar sitt behov jf. AML 13-3 og likestillings- og diskrimineringslova § 9 a).
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonsevne eller utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter, og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.