Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Elvebøen i Stad kommune søker vernepleiar som vil arbeide tett med brukarar i målretta miljøterapeutisk arbeid og individuell oppfølging. Rollen inneber primærkontaktansvar, dokumentasjon og tverrfagleg samarbeid i eit inkluderande arbeidsmiljø.
Du får også ansvar for helsefaglig oppfølging og legemiddelhandtering, og det blir lagt vekt på fagleg refleksjon, samarbeid og utvikling gjennom rettleiing og kurs. Arbeidssted i Nordfjordeid med turnus og moglegheiter for langvakter.
Ønskjer du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du får bruke kompetansen din til å gjere ein forskjell for andre? Då kan du vere den vi ser etter!
Om arbeidsplassen
Elvebøen er ei avdeling i Miljøtenesta i Stad kommune, lokalisert på Nordfjordeid. Avdelinga har heildøgnsdrift og yter tenester til personar med ulike behov for oppfølging og bistand, både i bufellesskap og i private bustader.
Som vernepleiar ved Elvebøen arbeider du tett på tenestemottakarane gjennom målretta miljøterapeutisk arbeid og individuelt tilpassa oppfølging. Du vil ha primæransvar for enkelte tenestemottakarar og vere ein viktig bidragsytar i arbeidet med å skape tryggleik, meistring og gode kvardagar.
Arbeidskvardagen hos oss er variert og byr på både faglege utfordringar og moglegheiter. Vi ser etter deg som trivst med å arbeide sjølvstendig, men som også verdset tett samarbeid med kollegaer. Godt samarbeid, fagleg refleksjon og eit inkluderande arbeidsmiljø er viktige faktorar for kvaliteten på tenestene våre.
Som vernepleiar vil du i tillegg ha ansvar for helsefagleg oppfølging og legemiddelhandtering, i samarbeid med andre vernepleiarar og sjukepleiarar i avdelinga.
Turnus og arbeidstid
Avdelinga har årsarbeidsplan, og stillinga inngår per i dag i ei tredelt turnusordning med dag-, kvelds- og nattevakter. Det vil vere moglegheit for langvakter frå og med neste årsarbeidsplan.
Elvebøen har eit godt samarbeid med andre avdelingar i Miljøtenesta og Meistring og psykisk helse. Samarbeidet omfattar mellom anna tryggingstiltak på natt og faste medisinvakter på tvers av avdelingane éin dag i veka.
Stillinga må sjåast i samanheng med pågåande interne prosessar i organisasjonen. Det blir derfor teke atterhald om at stillinga kan bli fylt gjennom intern tilsetjing
Dersom du har spørsmål om stillingane kan du kontakte avdelingsleiar Camilla Andersen på telefon 45877417 eller epost camilla.andersen@stad.kommune.no .
Camilla Andersen,Avdelingsleiar Elvebøen,45877417, camilla.andersen@stad.kommune.no
Elvebøen 2A
6770Nordfjordeid
Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 5169240497
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.11.2026