Vernepleiar/sjukepleiar

Kringlemyr og ambulerende, Time kommune

Bryne

On-site

NOK 550,000 - 750,000

Full time

6 days ago
Be an early applicant
Application generator

Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Gode pensjonsordningar
Løn etter tariff
Variert og fagleg utfordrande arbeidsm
Nært samarbeid med fagmiljø i organisj
Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø

Job summary

Time kommune ynskjer ein fagleg engasjert vernepleiar/sjukepleiar til Kringlemyr bufellesskap og ambulerande tenester i Miljøtenesta. Stillinga er 100% fast med turnus dag/kveld og arbeid kvar 4 helg, inkludert langvakter.

Arbeidsplassen tilbyr eit godt arbeidsmiljø, kompetanseheving og tett samarbeid med tverrfagleg fagmiljø. Søkjar må ha autorisasjon og vere villig til å bidra til sjølvbestemming og kvalitet i tenesteytinga.

Qualifications

  • Autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar.
  • Erfaring med miljøterapi og tiltaksarbeid.
  • Erfaring med dokumentasjon og evaluering.
  • Kjennskap til kapittel 9 er ein fordel.
  • Personleg egnethet vektleggast.
  • Førarkort klasse B (manuell gir er ein fordel).

Responsibilities

  • Målretta miljøarbeid i møte med den enkelte bruker.
  • Bidra til å sikra forsvarlege pleie- og omsorgstenester.
  • Ansvarsvakt og primær/sekundæransvar.
  • Samarbeid med fastlege, spesialhelsetenesta og andre partar.
  • Ansvar for legemiddelhandtering.
  • Oppfølging av kapittel 9 vedtak.
  • Rettleiing av kollegaer og studentar.
  • Fagleg kompetanseheving og utvikling.
  • Praktiske gjeremål og andre delegerte oppgåver frå leiar.

Skills

Samarbeids Evne
Selvstendig arbeid
Initiativ
Engasjement
Kommunikasjonsevner
Norskkunnskaper

Education

Autorisasjon vernepleiar eller sjukepleiar

Job description

Me søker ein fagleg engasjerte vernepleiar/sjukepleiar til allsidige arbeidsoppgaver i 100 % fast stilling, turnus dag/kveld samt arbeid kvar 4 helg med langvakter.

Miljøtenesta i Time kommune er i stadig vekst. Vi har for ledig stilling for tida ved Kringlemyr bufellesskap og ambulerande tenester, som er ein del av Miljøtenesta i Time kommune.

Me søkjer deg som er glad i å jobbe med menneske, og som har erfaring innan miljøarbeid, psykisk og somatisk helse og pleie. Du har erfaring frå arbeid med personar med utviklingshemming, og er oppteken av å sjå den enkelte sine ressursar og moglegheiter. Du trivst i ein variert arbeidskvardag, tek ansvar og ønskjer å utvikle deg både fagleg og personleg. Samstundes er du ein positiv lagspelar som bidreg til eit godt miljø for både tenestemottakarar og kollegaer.

Kringlemyr bufelleskap/ambulernde gjev tenestar til 24 brukarar i alderen 18 til ca 78 år. Fem av brukarane mottar tenester i tilknytning til basen. Resterande av brukarane mottar ambulerande timebaserte tenestar.

Arbeidsoppgåver
  • Målretta miljøarbeid i møte med den enkelte brukar
  • Bidra til å sikra forsvarlege pleie- og omsorgstenester, og at oppgåver vert utførte i tråd med kvalitetskrav og lovverk
  • Ansvarsvakt
  • Primær/sekundæransvar
  • Sikre eit godt samarbeid med fastlegar, spesialisthelsetenesta og andre samarbeidsparter
  • Ansvar for legemiddelhandtering
  • Oppfølging av kapittel 9 vedtak
  • Rettleiing av kollegaer og studentar
  • Fagleg kompetanseheving og utvikling
  • Praktiske gjeremål og andre delegerte oppgåver frå leiar

I imiljøtenesta jobbar me aktivt for å gje brukarane best mogleg livskvalitet og ein tilrettelagt kvardag for den enkelte, med fokus på sjølvbestemming og fellesskap i samarbeid med pårørande. Vi bruker positiv atferdsstøtte (PAS) som verdi og rammeverk for tenesteytinga. Ernæring og "Bra mat" er også et viktig satsingsområde. Me har fokus på samdrift på tvers i heile kommunen.

Me jobbar for å halda eit høgt fagleg nivå, og har etiske refleksjonssamlingar. Dette gjer oss meir bevisste på kvifor me gjer som me gjer, og minner oss på at me alltid skal ha det beste for brukarane i fokus.

Eit positivt arbeidsmiljø med respekt for kvarandre er viktig. Me skal gjera kvarandre gode og er opptekne av at alle skal trivast på jobb. Slik gjer me også ein betre jobb for brukarane våre.

Du får arbeida i eit tverrfagleg miljø, med fokus på nytenking, kvalitet og brukarmedverknad.

Kvalifikasjonar
  • -Autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar
  • -Erfaring med miljøterapi og tiltaksarbeid
  • -Erfaring med dokumentasjon og evaluering
  • -Kjennskap til kapittel 9 er ein fordel
  • -Personleg egnethet vektlegges
  • -Førarkort klasse B (manuell gir er en fordel)

Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).

Personlege eigenskapar
  • Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
  • Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
  • Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
  • Du må like utfordringar, vere engasjert og løysingsorientert
  • Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
  • Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
  • Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
  • Er trygg når andre blir urolige.
  • Er rolig når tempoet auke.
  • Ein som veit at utvikling ofte skjer sakte — men at den skjer
  • Tåler krevande situasjoner uten å ta det personleg
Vi tilbyr
  • Gode pensjonsordninger
  • Løn etter tariff
  • Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
  • Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
Det er lovkrav om at politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.
Kontaktinformasjon
  • Anita Ås,Avdelingsleiar,+47 90814821, anita.as@time.kommune.no
Nøkkelinformasjon:
  • Arbeidsgivar: Time kommune
  • Referansenr.: 5185520656
  • Stillingsprosent: 100%
  • Fast
  • Søknadsfrist: 11.10.2026

"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Vernepleiar/sjukepleiar
Vernepleiar/sjukepleiar

Anita Ås • Bryne

On-site
NOK 640,000 - 720,000
Gode pensjonsordninger
Løn etter tariff
Spennande arbeidsplass
+1
Helge- og tilkallingsvikarar ved psykisk helse og rus
Helge- og tilkallingsvikarar ved psykisk helse og rus

Arbeidsplassen • Bryne

On-site
NOK 551,040 - 688,800
Gode pensjonsordninger
Lønn etter tariff/avtale
Variert og faglig utfordrende arbeidsplass
Miljøveileder/miljøarbeider
Miljøveileder/miljøarbeider

Arbeidsplassen • Bryne

On-site
NOK 420,000 - 520,000
Pensjonsordning
Løn etter tariff
Gode kollegaer
+1
Avdelingsleiar
Avdelingsleiar

Sølvi Hadland • Bryne

On-site
NOK 850,000 - 1,050,000
Gode pensjonsordningar
Løn etter avtale
Spanande, variert arbeidsplass
Vernepleiar
Vernepleiar

Sogndal kommune • Stad

On-site
NOK 480,000 - 560,000
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Gode velferdsordningar
Varierte arbeidsoppgåver
Tilkallingsvikar: Helsetun og Heimetenester
Tilkallingsvikar: Helsetun og Heimetenester

Marit Irene Aas Nesheim • Aurland

On-site
NOK 320,000 - 460,000
Tilkallingsvikarar ved institusjonstenester og heimebaserte tenester
Tilkallingsvikarar ved institusjonstenester og heimebaserte tenester

Marit Irene Aas Nesheim • Aurland

On-site
NOK 320,000 - 460,000
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Lønnstyrtar tariff (lokal heft)
Vernepleier/ Miljøterapeut
Vernepleier/ Miljøterapeut

Anette Raasok • Lillestrøm

On-site
NOK 600,000 - 720,000
Gode pensjons- og forsikringsordninger
Langvaktsturnus - arbeid hver fjerde l
Bedriftsidrettslag
Vernepleier? 50% fast stilling ledig
Vernepleier? 50% fast stilling ledig

Grete Carlsen Omlid • Jessheim

On-site
NOK 545,000 - 640,000
Miljøterapeut/Vernepleier i turnus
Miljøterapeut/Vernepleier i turnus

Arbeidsplassen • Sandvika

On-site
NOK 520,000 - 680,000
Offentlig tjenestepensjon
Kurs og internopplæring
Kompetanseutviklingsstipend
+1