Don’t send a generic resume — generate a resume and cover letter tailored to this exact role.
Time kommune søker etter ein barne- og ungdomsarbeidar til Bryne ungdomsskule for å gi støtte, motivasjon og tett oppfølging av enkeltelevar og elevgrupper. Du vil samarbeide med miljøteamet, inklusionspedagog, lærarar, elevar og føresette, og delta aktivt i det profesjonsfaglege arbeidet for eit godt arbeidsmiljø. Kvalifikasjonar inkluderer fullført utdanning som barne- og ungdomsarbeidar eller bachelor i helse- og sosialfag.
Erfaring med ASK og tegn til tale er ønskjeleg. Politiattest er krav.
Bryne ungdomsskule ligg i Bryne sentrum, i gåavstand frå buss-/togstasjonen. Me har om lag 330 elevar og 55 tilsette. Me har 4 parallellar på 8. og 9. trinn, og 5 på 10. trinn. Me er opptekne av at alle elevane og dei tilsette hos oss skal ha eit trygt og godt lærings- og arbeidsmiljø. Visjonen vår er at alle elevane skal ha lyst på livet og evne til å meistra det.
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning fra Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Personlegeeigenskaparogerfaringvilvertasærlegvektlagtitilsettinga.
Iselin Gjære Lothe, Rektor, 91573539, iselin.gjaere.lothe@time.kommune.no
Sveinsvollsvegen 5
4340 Bryne
\"Me skal gjera kvarandre gode\" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innen industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.