A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Vinje kommune i Åmot skule søkjer vernepleiar/miljøterapeut frå snarast, som er fagleg trygg, omsorgsfull og kan bidra til eit inkluderande og utviklande læringsmiljø for elevar og kollegaer.
Stillingsstoda er fast og fulltid. Arbeidsoppgåvene inneber miljøterapeutisk støtte, planlegging og oppfølging av tiltak i samarbeid med skule, heim og faginstansar, samt dokumentasjon av IOP og rettleiing til tilsette. Me vektlegg godt samarbeid i tverrfaglege team og god kommunikasjon med føresette.
Me har ledig stilling som vernepleiar/miljøterapeut frå snarast, og søkjer ein fagleg trygg og omsorgsfull medarbeidar som vil vere med på å skape eit inkluderande og utviklande miljø for både elevar og kollegaer.
Åmot skule ligg sentralt i Åmot og er ein kombinert barne- og ungdomsskule med om lag 150 elevar, noko som gjev eit oversiktleg, trygt og inkluderande læringsmiljø.
Me har eit sterkt fagmiljø, godt samarbeid i personalet og eit aktivt skulemiljø med fokus på livsmeistring og praktisk læring.
Elevane får mellom anna gratis skulemat kvar dag, og skulen tilbyr varierte læringsarenaer og opplevingar gjennom året.
Me ser etter deg som brenn for arbeid med elevar med særskilde behov - og som vil vere med og skape ein skule der både elevar og tilsette kjenner seg sett, støtta og inspirerte.
Velkomen som søkjar.
Søknadsfrist: 01.11.2026
Arbeidsgivar: Vinje kommune
Stad: Vinje
Stillingstittel: Vernepleiar/miljøterapeut - 100% Fast
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 5199527006
Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Lever kopi av vitnemål og attestar i samband med intervjuet.
Ved ny tilsetjing blir det stilt krav om politiattest, jf. opplæringslova §10-9. Attesten skal ikkje vera eldre enn 3 månadar og skal ikkje leverast med søknaden.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Opne vegbeskriving (i ny fane)
Verksemdsleiar
Telefon: +47 91802014
Me ynskjer deg velkomen til Vinje!
Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie.
Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus.
Me håpar du vil trivast hjå oss!
Les meir om livet i Vinje her
Sjå Vinjefilmen her