Sunnfjord Bu- og avlastingsteneste er ei døgnbemanna eining som yt avlasting til føresette med krevjande omsorgsoppgåver. Vi søker deg som vil vere med på å gjere ein forskjell i barn og unge sine liv. Delar av stillinga er eller kan vere i heim.
Vi har no ledig 2 faste 100 % stillingar som
Hos oss handlar kvar dag om å skape gode og trygge rammer for barn og unge med ulike funksjonsnedsetjingar. Vi ser etter deg med eit stort hjarte som ynskjer å nytte din fagkompetanse til å gjere ein skilnad. Vi legg opp dagane i samråd med føresette, barn, unge og samarbeidspartar etter barna sine ynskjer, interesser og behov.
Her får du vere med på alt frå klatring, sykling, bading, ski, trampolinepark og fotball, til rolege aktivitetar som brettspel, teikning og kos inne - alltid med fokus på meistring, tryggleik og glede.
Du vil jobbe tett med føresette, skule, barnehage, spesialisthelsetenesta og andre som yt tenester til barn og unge for å sikre eit heilskapleg tilbod.
Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!