A complete application in a minute — tailored resume and cover letter, ready to send.
Hospitaldrift ved Helse Bergen er ansvarleg for ikkje-medisinske tenester og produkt til føretaket, inkludert vaktverksemd. Vi søkjer etter vekter tilkallingsvikar som blir tilsett via Bemanningssenteret og vil arbeide ved Hospitaldrift, seksjon for sikkerheit.
Søkjarar må ha vaktutdanning, kjøregodtgjersle og vera villige til å arbeide i eit travelt miljø. Aktuelle kandidatfunksjonar inkluderer rutinekontroll av bygg, og utrykking ved alarmar som innbrot, brann og andre tekniske hendingar.
Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk Divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinske tenester og -produkt til føretaket. Hospitaldrift leverer forsyningstenester og varemottak, pasienttransport og andre interne transporttenester, mat til pasientar, pårørande og tilsette, reine tekstilar og senger, dagleg reinhald og andre reinhaldstenester, tryggleikstenester og sentralbordtenester.
Hospitaldrift har 8 einingar og ca. 790 medarbeidarar. Hospitaldrift Sikkerheit er ei av einingane i Hospitaldrift og har 3 seksjonar; seksjon for sikkerheit, seksjon for resepsjon og seksjon for parkering. Eininga har totalt 33 stillingar, og er offentleg godkjend for å drive vaktverksemd.
Vi søker etter vektar som tilkallingsvikar. Aktuelle kandidatar vil bli tilsett via Bemanningssenteret, men vil gå vakter ved Hospitaldrift, seksjon for sikkerheit.
Vi ser etter deg som har vektarutdanning og gjerne erfaring innan fagområdet. Du trivst med utfordringar, er fleksibel, fagleg dyktig samt likar å arbeide i eit travelt miljø med mye ansvar.
Seksjonsleiar Bemanningssenteret
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.