Utdanningsleiar Grøne og gastronomiske utdanningar ved Studiestad Hjeltnes

Vestland fylkeskommune

Bergen

Vor Ort

NOK 700.000 - 900.000

Vollzeit

14 Tage+

Erhalte eine Antwort von diesem Arbeitgeber

Dein Lebenslauf und dein Anschreiben, genau auf das zugeschnitten, was gesucht wird.

Schaffe es an den ATS-Filtern vorbei

Benefits dieser Stelle

Moglegheit for etter- og vidareutdann​
Pensjons- og forsikringsordningar

Zusammenfassung

Vestland fylkeskommune søker ein utdanningsleiar ved Studiestad Hjeltnes som kombinerer 50 % leiaransvar med 50 % undervisning innan grøne og gastronomiske fag.

Stillinga inkluderer leiargruppeansvar, utvikling av skulen sin strategi og tett samarbeid med arbeidslivet, og ein strukturert kompetanseutvikling for tilsette.

Qualifikationen

  • Leiarerfaring frå utdanningsinstitusjonar vil bli vektlagt.
  • God kjennskap til utdanningsområda og relevant erfaring frå arbeidslivet er ein føremon.
  • Evne til å skape eit godt arbeidsmiljø og ytringsklima for tillit og samhandling.

Aufgaben

  • Utvikle skulen i samsvar med mål og visjon for Fagskulen Vestland.
  • utvikle nye utdanningstilbod i samarbeid med arbeidslivet.
  • Videreutvikle ein god KS kultur ved eininga og delta i ulike revisjonar.
  • Sikre eit trygt og godt læringsmiljø med god medverknad frå studentane.
  • Leie strategi- og utviklingsprosessar og avdelinga sitt pedagogiske utviklingsarbeid.

Kenntnisse

Leiarfaring
Utviklingsorientert
Gode samarbeidsevner

Ausbildung

Relevant høgare utdanning

Jobbeschreibung

Utdanningsleiar Grøne og gastronomiske utdanningar ved Studiestad Hjeltnes
  • Søknadsfrist 04.11.2026
  • Arbeidsspråk Norsk

Kombinert stilling med 50 % som utdanningsleiar og 50 % undervisning innen grøne og gastronomiske fag ved Studiestad Hjeltnes.

  • Relevant høgare utdanning
  • Leiarerfaring frå utdanningsinstitusjonar blir vektlagt
  • Erfaring frå utviklingsarbeid og god gjennomføringsevne
  • God kjennskap til utdanningsområda og relevant erfaring frå arbeidslivet
  • Moglegheit for etter- og vidareutdanning
  • Fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
Arbeidsoppgåver

Vil du bli vår nye utdanningsleiar innan dei Grøne og gastronomiske utdanningane våre ved Studiestad Hjeltnes?

Med om lag 2200 studentar er Fagskulen Vestland ein av landets største fagskular.

Fagskulen utdannar mellom anna morgondagens prosjektleiarar og mellomleiarar. Fagskulen Vestland har åtte studiestadar frå Måløy i nord til Stord i sør. Vi er om lag 200 tilsette og har eit utviklingsorientert arbeids- og læringsmiljø. Fagskuleutdanning er ei høgare yrkesfagleg utdanning, som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse.

Fagskuleutdanninga har høg arbeidsrelevans og våre uteksaminerte studentar er attraktive i arbeidsmarknaden. Utdanninga gir studentane ein kombinert praktisk og teoretisk kompetanse.

Avdelinga held til i tradisjonsrike lokalar i Ulvik der det har vore skuledrift i meir enn 100 år. Avdelinga er i god vekst og har utvikla studiar som er verdsleiande innan sine fagfelt.

Stillinga inneheld ein 50 % stilling som utdanningsleiar og 50 % stilling undervisning innan aktuelle fagområde. Aktuelle fag kan vere Pommelier, Frukt og bær, Lokal matkultur og Arborist.

Utdanningsleiar inngår rektor si leiargruppe og har medansvar for utvikling av Fagskulen Vestland i samsvar med strategi, målsetjingar og verdigrunnlag for Fagskulen Vestland og Vestland fylkeskommune. Stillinga rapporterer til Prorektor utdanning og samhandling.

Arbeidsoppgåver
  • Utvikle skulen i samsvar med mål og visjon for Fagskulen Vestland
  • utvikle nye utdanningstilbod i samarbeid med arbeidslivet
  • Videreutvikle ein god KS kultur ved eininga, delta på ulike revisjonar
  • Sikre eit trygt og godt læringsmiljø og god medverknad frå studentane
  • Sikre eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette, fagleg utvikling, god medverknad og kulturbygging
  • Delta aktivit i leiargruppa og bidra til at vi vert eit samla og effektivt team
  • Leie strategi- og utviklingsprosessar
  • Leie avdelinga sitt pedagogiske utviklingsarbeid og kompetanseutvikling
  • Personalleiing
  • Videreutvikle kontakt med næringsaktørane innan dei maritime faga
  • Legge til rette for digitalisering og nyskaping i utdanningane
  • Delta i nasjonale fora som er relevante for stillinga
  • Økonomistyring
Vi ser etter deg som kan og har
  • har gode leiareigenskapar og relevant høgare utdanning for stillinga. Leiarerfaring frå utdanningsinstitusjoner vil bli vektlagt
  • set studentane si læring og deira utvikling i sentrum for skulen sitt arbeid
  • byggjer eit sterkt fagleg profesjonsfellesskap og ein verdibasert kultur som søkjer vidare utvikling
  • videreutviklar godt arbeidsmiljø og ytringsklima for tillit og samhandling
  • har god kjennskap til utdanningsområda og relevant erfaring frå arbeidslivet knytt til fagområdet er ein føremon
  • markerer skulen som ein sentral utdanningsinstitusjon innan fagområda
  • opptrer tydeleg som arbeidsgivar og gjennomfører Fagskulestyret, politiske og administrative vedtak
  • har erfaring frå utviklingsarbeid og god gjennomføringsevne
  • forståing for god økonomistyringhar gode samarbeidsevner og er samlande, sosial og inkluderande
Vi tilbyr

Fagskulen Vestland legg vekt på godt samarbeid, tett dialog og oppfølging mellom Prorektor og utdanningsleiar. Du vil få:

  • eit givande arbeid med studentar ved Fagskulen Vestland i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
  • ein raus organisasjonskultur der vi vil kvarandre vel, sjår kvarandre og bidreg til fellesskapet
  • deltaking og fellesskap i rektor sin leiargruppe
  • løn etter avtale
  • Moglegheit for etter og videreutdanning
  • fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket.Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonalpådrivarfor eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak fra offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 måneder. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Utdanningsleiar, Fagskule, Gastronomi, Matproduksjon, Pommelier

Hol dir deinen kostenlosen, vertraulichen Lebenslauf-Check.

oder ziehe deine Datei hierhin.

Similar jobs

Ähnliche Jobs, die dir auch gefallen könnten

Faglærer ved maskinoffisersutdanningen
Faglærer ved maskinoffisersutdanningen

Vestland fylkeskommune • Bergen

Vor Ort
NOK 600.000 - 800.000
Fleksibel arbeidstid
Heimekontor
Forsikrings- og pensjonsordningar
Tilkallingsvikar knytt undervisning på helse- og oppvekstfag
Tilkallingsvikar knytt undervisning på helse- og oppvekstfag

Vestland fylkeskommune • Norwegen

Vor Ort
NOK 312.000 - 402.000
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Aktivt fagmiljø
Avdelingsleiar
Avdelingsleiar

Vestland fylkeskommune • Norwegen

Vor Ort
NOK 700.000 - 900.000
Faglærer ved maskinoffisersutdanningen
Faglærer ved maskinoffisersutdanningen

OPK-FV - Avd. Maritim Nygård, Vestland fylkeskommune • Bergen

Hybrid
NOK 600.000 - 800.000
Fleksibel arbeidstid
Heimekontor mulighet
Pensjonsordning
+1
Vikariat engelsk
Vikariat engelsk

Vestland fylkeskommune • Bergen

Vor Ort
NOK 450.000 - 650.000
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Undervisningsstilling i Samfunnsøkonomi 1 og 2
Undervisningsstilling i Samfunnsøkonomi 1 og 2

Bergen katedralskole • Bergen

Vor Ort
NOK 260.000 - 420.000
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov-
Eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
Faglærer i helse- og oppvekstfag
Faglærer i helse- og oppvekstfag

Vestland fylkeskommune • Bremnes

Vor Ort
NOK 550.000 - 750.000
Aktivt fagmiljø
Gode lærings- og utviklingsmuligheter
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Rådgjevar
Rådgjevar

NPI - Innovasjonsinfrastruktur, Vestland fylkeskommune • Bergen

Vor Ort
NOK 520.000 - 680.000
Moglegheit for heimekontor
Gode offentlege pensjons- og forsikr�{
Seniorkonsulent/rådgjevar i studieadministrasjonen
Seniorkonsulent/rådgjevar i studieadministrasjonen

Kristine Tveit • Haugesund

Vor Ort
NOK 550.000 - 750.000
Gode pensjonsordningar
Forsikringsordningar
Trening i arbeidstida
Miljøarbeidar
Miljøarbeidar

Vestland fylkeskommune • Bergen

Vor Ort
NOK 420.000 - 540.000
Forsikringsordningar
Pensjonsordning
Top-Standorte