Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Vinje kommune søker ein utbyggingsleiar i 100% fast stilling i tenesteområdet Teknisk drift og infrastruktur. Du vil ha ansvaret for kommunens prosjektportefølje innan byggje- og anleggsprosjekt og spela ei sentral rolle i planlegging, styring og gjennomføring frå tidlegfase til ferdigstilling.
Som byggjeleiing og prosjektleiing vil du vere byggherre sin representant, leia prosjekteringsarbeid i samarbeid med rådgjevarar og brukarane, og bidra til god framdrift, kvalitet og økonomistyring.
Vinje kommune står framfor fleire spennande og omfattande utbyggingsprosjekt og søkjer difor ein utbyggingsleiar i 100 % fast stilling. Stillinga er organisert i tenesteområdet Teknisk drift og infrastruktur (TDI) og rapporterer til kommunalsjef TDI.
Utbyggingsleiaren vil ha det overordna ansvaret for kommunen si prosjektportefølje innan byggje- og anleggsprosjekt, og spele ei sentral rolle i planlegging, styring og gjennomføring av prosjekt frå tidlegfase til ferdigstilling.
Teknisk drift og infrastruktur er ei sentral eining i kommunen og har ansvar for drift, vedlikehald og forvaltning av mellom anna veg, vatn, avløp og kommunale bygg. Eininga har òg ansvar for prosjekt- og byggjeleiing av kommunen sine investeringsprosjekt innan desse fagområda. Prosjekta spenner frå mindre vedlikehalds- og rehabiliteringstiltak til større og komplekse utbyggingar, som til dømes skulebygg, helsebygg, vassverk, avløpsanlegg og veganlegg. Utbyggingsleiaren vil vere ein sentral pådrivar for å sikre god framdrift, kvalitet, økonomistyring og måloppnåing i prosjekta.
Kjetil Midtgarden Vaagen,Kommunalsjef teknisk drift og infrastruktur,41447411, kjetil.vaagen@vinje.kommune.no
Vinjevegen 192
3890Vinje
Arbeidsgivar: Vinje kommune
Referansenr.: 5188305885
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.11.2026