Trafikkoordinator

Vest politidistrikt

Bergen

On-site

NOK 738,000 - 902,000

Full time

8 days ago

Get a reply from this employer

Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Statens pensjonskasse
Bedriftshelsetjeneste

Job summary

Vest politidistrikt søker ein engasjert politioverbetjent SKO 0287 som trafikkoordinator ved SEKOS i Godvik. Du får ansvaret for trafikktilsyn, rapportering og instruksjon i seksjonen for operative spesialfunksjonar.

Du har brei politioperativ erfaring og er kjende med trafikk- og sikkerheitsarbeid. Lønn er 820 000 brutto per år, med vidare lønnsutvikling etter hovudtariffavtalane i staten.

Qualifications

  • Dette må du ha for å vere kvalifisert.
  • Tilfredsstille kompetansekrava for pb3 og ha arbeidet innan relevant fagfelt i minimum 5 år.
  • Breinermi politioperativ erfaring
  • Bra erfaring frå politiets trafikksikringsarbeid
  • Godkjent som kjøreinstruktør eller vil bli det

Responsibilities

  • Rapportering på politidistriktet sine leveransar innan trafikk
  • Instrumentansvarleg for laserfartsmålar

Skills

Kommunikasjonsferdigheter
Initiativ
Samarbeid
Stressmestring

Education

Vitnemål frå politiskule/politihøgskule

Job description

I Vest politidistrikt, for tida ved Felles eining for operativ teneste (FOT), er det ledig ei fast stilling som politioverbetjent SKO 0287 med funksjon som trafikkoordinator ved Seksjon for operative spesialfunksjonar (SEKOS), avsnitt for instruksjon, trafikk, sjø og drone.

Felles eining for operativ teneste er ei funksjonell driftseining i Vest politidistrikt. Eininga er organisert i Seksjon for operative tenester, Seksjon for arrest og framstilling, Seksjon for samfunnssikkerhet og beredskapskoordinering, Seksjon for operative spesialfunksjonar og Seksjon for felles tenestekontor. Dei tilsette ved eininga har både politifagleg og sivil bakgrunn. Eininga har det overordna faglege ansvaret for politiet sine operative gjeremål i heile distriktet.

Stillinga er stadsplassert i Godvik.

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og ivareta rettstryggleiken.Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.

Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk medarbeidar som ønskjer å bidra til auka trafikktryggleik i politidistriktet. Du arbeider strukturert og sjølvstendig, samtidig som du samarbeider godt med andre og byggjer gode relasjonar. Du har gode kommunikasjonsferdigheiter, tek initiativ og evnar å omsetje planar og mål til konkrete resultat.

Vi legg òg vekt på at du er utviklingsorientert, har god gjennomføringsevne og trivst med både operative og koordinerande arbeidsoppgåver.

  • Rapportering på politidistriktet sine leveransar innan trafikk
  • Instrumentansvarleg for laserfartsmålar
Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert:

  • Vitnemål frå politiskule/politihøgskule
  • Tilfredsstille kompetansekrava for pb3 og ha arbeidet innan relevant fagfelt i minimum 5 år. Ved anna relevant bachelor- eller mastergrad kan heile eller deler av kravet fråvikast
  • Brei politioperativ erfaring
  • Brei erfaring frå politiets trafikksikringsarbeid
  • Godkjent som kjøreinstruktør eller villig til å bli det

Det er også ønskjeleg med:

  • Kunnskap om HMS er ein fordel

Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste for å kunne bli tilsett i politiet. Uttømmande og utvida politiattest skal hentast inn og leggjast fram før ei eventuell tilsetjing. Ved vurderinga av om du er skikka for teneste i politiet, vil det bli henta inn opplysningar om deg fra registra til politiet.

Personlege eigenskapar
  • Evne til å arbeida sjølvstendig, systematisk og målretta
  • Evne til å prioritere, halde fokus, meistre stress og handtere pressa situasjonar
  • Resultatorientert med god gjennomføringsevne og evne til å finne gode løysingar
  • Evne til å motivere og engasjere andre, samt bidra til god samhandling og eit godt arbeidsmiljø
  • Samfunnsorientert med forståing for eininga si rolle i politiets samfunnsoppdrag

Personleg egnethet og motivasjon for stillinga vil bli vektlagt

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på.

  • Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme framtidas polititenester
  • Eit arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kolleger
  • Stillinga blir lønna som politioverbetjent SKO 0287 fra 820 000,- brutto per år. Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalane i staten.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar (sjå https://www.spk.no for meir info)
    Bedriftshelseteneste

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar fra kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Opplysninger om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Trafikkoordinator
Trafikkoordinator

Spørsmål om søknad / CV • Bergen

On-site
NOK 738,000 - 902,000
Medlemskap i SPK
Bedriftshelsetjeneste
Operativ grensekontrollør
Operativ grensekontrollør

Kenneth Huse • Kristiansund

On-site
NOK 510,000 - 640,000
Fast stilling
ATB tillegg
Pensjonskasse
+1
Avsnittsleiar Fag- og metodeutvikling
Avsnittsleiar Fag- og metodeutvikling

Spørsmål om søknad/CV • Bergen

On-site
NOK 819,000 - 1,001,000
Statens pensjonskasse
Avsnittsleiar Fag- og metodeutvikling
Avsnittsleiar Fag- og metodeutvikling

Vest politidistrikt • Bergen

On-site
NOK 819,000 - 1,001,000
Medlemskap i SPK
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Politiførstebetjent - Etterforsking, metode og etterretning GDE Sogn og Fjordane
Politiførstebetjent - Etterforsking, metode og etterretning GDE Sogn og Fjordane

Spørsmål om elektronisk søknad/ CV • Førde

On-site
NOK 560,000 - 770,000
Pensjonsordning
Turnusbasert arbeid
Etterforskar
Etterforskar

Terje Erik Nerland • Molde

On-site
NOK 560,000 - 760,000
Pensjonsordning
Trening i arbeidstida
IA-bedrift
Politibetjent 3/2/1
Politibetjent 3/2/1

Rita Barbro Torp • Oslo fylke

On-site
NOK 520,000 - 640,000
Seksjonsleder operativ utlendingskontroll
Seksjonsleder operativ utlendingskontroll

Marianna Koufalitaki • Stavanger

On-site
NOK 882,000 - 1,078,000
Pensjonsordning
Gode arbeidsbetingelser
Påvirke fagområde
Politibetjent 3/2/1 operatør ved operasjonssentralen FOT
Politibetjent 3/2/1 operatør ved operasjonssentralen FOT

Vest politidistrikt • Bergen

On-site
NOK 530,000 - 658,000
Politifaglig lederstøtte - Tønsberg politistasjonsdistrikt
Politifaglig lederstøtte - Tønsberg politistasjonsdistrikt

Siw Hansen Thokle • Tønsberg

On-site
NOK 702,000 - 858,000
Gode arbeidsbetingelser
Pensjonsordninger
Top locations