Una candidatura completa in un minuto
Curriculum e lettera di presentazione personalizzati, pronti da inviare.
Norheimsund barnehage søkjer tilretteleggingsressurs med helsefagleg bakgrunn for eit barn som går i barnehagen. Stillinga er ledig frå snarast og tom. juli 2027, oppstart etter avtale.
Arbeidsoppgåver inkluderer å støtta barnet i barnehagen, ansvar for medisinering og utstyr, vere ein trygg vaksen og samarbeide tett med kollegaer og foreldre. Krav inkluderer helsefagleg utdanning og gode norskkunnskapar (B1/B2).
Me søkjer deg med helsefagleg bakgrunn som vil jobba i barnehage.
Norheimsund barnehage har ledig stilling som tilretteleggingsressurs for eit barn som går i barnehage. Dette er ein jobb for deg som søkjer nye utfordringar og oppgåver i nytt miljø. Stillinga er ledig frå snarast og tom. juli 2027, oppstart etter avtale.
Ein tilretteleggingsressurs skal vera ei støtte for barnet i barnehagen. Barnet skal ta del i heile barnehagedagen og tilretteleggingsressursen skal sikra eit eigna og individuelt tilrettelagt barnehagetilbod.Det blir gjeve opplæring ved oppstart.
Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest uten merknader, etter Barnehagelova. Attesten skal ikkje leggjast ved søknaden. Tilsetjing føreset at gyldig attest vert lagd fram før tiltreding. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.
Vidare ynskjer me at du:
Karin Træbakken,Styrar Norheimsund barnehage,46865845
Ingunn Mo,Leiar for barnehage,+47 997 38 755
Kyrkjevegen 30
5600Norheimsund
Arbeidsgivar: Kvam herad
Referansenr.: 5197170786
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 04.11.2026