Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Helse Bergen HF søker tilkallingsvikarar til reinhald i Hospitaldrift Reinhald. Du vil vere tilsett via Bemanningssenteret og utføre reinhaldsoppgåver knytt til hovudeininga ved Haukeland sjukehus.
Hovudarbeidstida er 07–15, med fleire vakter om ettermiddag og kveld. Opplæring blir gitt, og du blir ein viktig ressurs for pasientar og tilsette i sjukehuset.
Bemanningssenteret søker tilkallingsvikarar til oppdrag i Hospitaldrift Reinhald. Aktuelle kandidatar vil bli tilsett via Bemanningssenteret, men vil gå vakter ved Hospitaldrift Reinhald. Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk Divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til føretaket. Hospitaldrift har 8 einingar og ca. 750 medarbeidarar. Hospitaldrift Reinhald er ei av einingane. Hospitaldrift Reinhald har som oppgåve å utføre dei reinhaldsoppgåvene som Haukeland universitetssjukehus har behov for. Eininga er delt i sju seksjonar og har ca. 350 tilsette. Hovudoppgåvene er regelmessig reinhald, hovudreingjering, smittevask og vask/reiing av senger.I reinhaldsseksjonane våre vil du få jobbe med eit spesielt reinhald, kor hygiene er viktig. Du får spesialopplæring innan sjukehusreinhald og blir ei viktig brikke for å skape trivsel og tryggleik for våre pasientar og tilsette. Tilkallingsvikarane våre vil kunne få opplæring i fleire einingar og vere ein viktig ressurs i sjukehuset si daglege drift. Vi søker deg som likar variasjon i oppgåvene, og samtidig er god til å følge gjeldande rutinar for god kvalitet i arbeidet. Hovudarbeidstida er 07-15, men vi har også mange vakter på ettermiddag/kveld med variabel start- og slutt tid.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Cathrine Fauske-Haferkamp,Seksjonsleiar,99426755
Haukelandsveien 22
5021Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5213321462
Stillingsprosent: 0%
Anna
Søknadsfrist: 07.12.2026