Una candidatura completa en un minuto
Currículum y carta de presentación personalizados, listos para enviar.
Hospitaldrift Reinhald ved Helse Bergen HF søker reinhaldar/assistent i 100% vikariat som startar snarast. Inngå i eit team ved avdeling for reinhald som utførar dagleg reinhald, med spesialopplæring innan sjukehusreinhald.
Vikariatet er i utgangspunktet 3 månader med mogleg forlenging. Arbeidet krev god norskkunnskap, serviceinnstilling og evne til å arbeide etter oppdaterte prosedyrar. Lønn følger gjeldande overeinskomst; godt arbeidsmiljø og pensjons-/forsikringsordningar er inkludert.
Drift/teknisk divisjon/ Hospitaldrift Reinhald, Helse Bergen HF
Hospitaldrift Reinhald har ledig eit 100% vikariat som reinhaldar/assistent frå snarast.I første omgang er vikariatet for 3 måneder, med mogleg forlenging.
Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk divisjon i Helse Bergen, og leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til føretaket. Hospitaldrift har 8 einingar og om lag 815 medarbeidarar. Hospitaldrift Reinhald er ei av einingane i Hospitaldrift. Hospitaldrift leverer forsyningstenester og varemottak, pasienttransport og andre interne transport tenester, mat til pasientar, pårørande og tilsette, reine tekstilar og senger, dagleg reinhald og andre reinhaldstenester, tryggleikstenester og sentralbordtenester.
Hospitaldrift Reinhald har som oppgåve å utføre dei reinhaldsoppgåvene som Haukeland universitetssjukehus har behov for. Eininga er delt i åtte seksjonar og har ca. 340 tilsette. Våre hovudoppgåver er dagleg reinhald, hovudreingjering, smittevask, spesialreinhaldog vask/reiing av senger.
Ved å søke arbeid hos oss vil du få jobbe med eit spesielt reinhald, kor hygiene er viktig. Du får spesialopplæring innan sjukehusreinhald og blir ei viktig brikke for å skape trivsel og tryggleik for våre pasientar og tilsette.
Våre tilsette jobbar i team og dei fleste har stor variasjon i sitt daglege arbeid.Eit godt fagleg miljø og hyggelege kollegaer skaper trivsel mellom våre tilsette.
Grete Romfo,Seksjonsleiar,55 97 21 01
Haukelandsveien 22
5021Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5209623909
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 27.11.2026
Seksjonsleiar
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av flere tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Drift/teknisk divisjon/ Hospitaldrift Reinhald, Helse Bergen HF