A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Drift/teknisk divisjon/ Hospitaldrift reinhald hos Helse Bergen HF søkjer medarbeidarar til 5x100% vikariat som Reinhaldsoperatør/ Reinhaldar med oppstart snarast. Avdelinga leverer ikkje-medisinske tenester og har hovudoppgåver innan dagleg reinhald og spesialreinhald.
Arbeidet krev lagarbeid og gode norskferrdigheter. Du vil jobbe i ein av seksjonar i Hospitaldrift Reinhald, med fokus på reinhald av ulike lokale og smittevernførte oppgåver.
Drift/teknisk divisjon/ Hospitaldrift reinhald, Helse Bergen HF
Hospitaldrift Reinhald har ledig 5x100% vikariat stillingar somReinhaldsoperatør/Reinhaldar med oppstart snarast.
Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk divisjon i Helse Bergen, og leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til føretaket. Hospitaldrift har 8 einingar og om lag 815 medarbeidarar. Hospitaldrift Reinhald er ei av einingane i Hospitaldrift.
Hospitaldrift Reinhald har som oppgåve å utføre dei reinhaldsoppgåvene som Haukeland universitetssjukehus har behov for. Eininga er delt i åtte seksjonar og har ca. 350 tilsette. Våre hovudoppgåver er dagleg reinhald, hovudreingjering, smittevask, spesialreinhaldog vask/reiing av senger.
Ved å søke arbeid hos oss vil du få jobbe med eit spesielt reinhald, kor hygiene er viktig. Du får spesialopplæring innan sjukehusreinhald og blir ei viktig brikke for å skape trivsel og tryggleik for våre pasientar og tilsette.
Våre tilsette jobbar i team og dei fleste har stor variasjon i sitt daglege arbeid.Eit godt fagleg miljø og hyggelege kollegaer skapar trivsel mellom våre tilsette.