Enable job alerts via email!
Volda kommune søker tilkallingsvikarer for helse- og omsorgsoppgaver. Vi ser etter dyktige personer som liker å arbeide med mennesker. Kvalifikasjoner inkluderer gode språkkunnskaper i norsk og kommunikasjonsevner. Dette er en fleksibel stilling med varierte arbeidsoppgaver i en spennende kommune.
Sektor helse og omsorgtilbyr innbyggjarane i Volda kommune ulike tenester. Vi har i perioder behov for nye tilkallingsvikarar. Vi treng både sjukepleiarar, fagarbeidarar, vernepleiarar, assistentar, miljøterapeutar og personar med sosialfagleg kompetanse. Vi har behov for motiverte og dyktige personar som liker å arbeide med menneske.
Inntak av nye vikarar vert gjort fortløpande ved dei seksjonane som har behov. Ver venleg å oppgi namn og kontaktinformasjon til referansar i søknaden. Skriv gjerne også kva felt/ avdeling du er mest interessert i. Erfaring, kompetanse, referansar og personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetjing.
Dei ulike avdelingane som kan ha behov for vikarar:
Arbeidsoppgåver
Arbeidet består i helse- og omsorgsoppgaver til innbyggjarar i Volda kommune. Det vil vere ulike stillingsinstruksar ut frå kva avdeling og fagområde det gjeld.
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Kontaktinformasjon
Arbeidsstad
Kleppevegen
6100 Volda
Nøkkelinformasjon:
Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med 11 131 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.
I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kulturliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.
Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.