Tilkallingsvikarar

Bufetat

Stavanger, Grannes

On-site

NOK 490,000 - 640,000

Full time

35 hours ago
Be an early applicant

Get a reply from this employer

Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Gratis parkering

Job summary

Bufetat i Stavanger søker tilkallingsvikarar til akuttinstitusjonsavdelingane for ungdom mellom 13 og 18 år. Stillingane har dag-, kveld- og nattevakt og du blir ein viktig vaksen i kvardagen til barna.

Du kan vere under utdanning, ha bachelorgrad eller erfaring frå liknande arbeid. Krav inkluderer norsk språkføring, gode IT-ferdigheiter og førarkort i klasse B. Stillinga ligg i Stavanger, lønnsregulativ og turnus blir omtalt i slik avtale.

Qualifications

  • Har bachelorgrad eller er i gang med relevant utdanning.
  • Kunnskap i norsk skriftleg og munnleg framstilling.
  • Gode IT-ferdigheiter og førarkort klasse B.

Responsibilities

  • Bidra til trygg og stabil kvardag for ungdommane.
  • Planlegg og gjennomfør miljøterapeutiske tiltak og aktivitetar.
  • Utfør dokumentasjon og praktiske oppgåver ved eininga.
  • Støtt opp under turnus med dag-, kveld- og nattevakt.

Skills

Skriftlig & muntlig norsk
IT-ferdigheter
Førerkort B
Samarbeid i team

Education

Bachelorgrad eller tilsvarande 180 studiepoeng

Job description

Stavanger akuttsenter har to akuttinstitusjonsavdelingar for ungdom mellom 13 og 18 år, lokaliserte på Madla (5 plassar) og Røyneberg (3 plassar). Vi søkjer no etter fleire tilkallingsvikarar. Er du under utdanning, har ein relevant bachelorgrad, eller har erfaring frå liknande arbeid, bør du ta ein kikk på denne annonsen!

Hos oss vil du få ein variert og spennande arbeidskvardag. Vi jobbar etter eit felles fagleg rammeverk som byggjer på grunnleggjande miljøterapi, og har som målsetjing å skape positiv utvikling gjennom trygge relasjonar, tydelege rammer og støtte til å regulere tankar, kjensler og åtferd.

Som tilkallingsvikar hos oss får du bidra til å gi ungdom tryggleik, struktur og omsorg. Du blir ein viktig vaksen i kvardagen til barna, og får bli ein del av eit dedikert fagmiljø som tek samfunnsoppdraget på alvor og jobbar målretta for å skape stabile og utviklande rammer.

Avdelingane har turnus som omfattar dag- og kveldsvakter (8–16 timar), samt nattevakter (10 timar).

Om stillinga og arbeidsstaden

Stavanger akuttsenter har to akuttinstitusjonsavdelingar for ungdom mellom 13 og 18 år, lokaliserte på Madla (5 plassar) og Røyneberg (3 plassar). Vi søkjer no etter fleire tilkallingsvikarar. Er du under utdanning, har ein relevant bachelorgrad, eller har erfaring frå liknande arbeid, bør du ta ein kikk på denne annonsen!

Hos oss vil du få ein variert og spennande arbeidskvardag. Vi jobbar etter eit felles fagleg rammeverk som byggjer på grunnleggjande miljøterapi, og har som målsetjing å skape positiv utvikling gjennom trygge relasjonar, tydelege rammer og støtte til å regulere tankar, kjensler og åtferd.

Som tilkallingsvikar hos oss får du bidra til å gi ungdom tryggleik, struktur og omsorg. Du blir ein viktig vaksen i kvardagen til barna, og får bli ein del av eit dedikert fagmiljø som tek samfunnsoppdraget på alvor og jobbar målretta for å skape stabile og utviklande rammer.

Avdelingane har turnus som omfattar dag- og kveldsvakter (8–16 timar), samt nattevakter (10 timar).


Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene vil mellom anna bestå av:
  • å bidra til at ungdommane våre får ein trygg og stabil kvardag
  • planlegging og gjennomføring av miljøterapeutiske tiltak og aktivitetar
  • dokumentasjon
  • praktiske gjeremål ved eininga

Stillinga kan og bli tillagd andre relevante oppgåver ved behov.


Kva slags bakgrunn har du?
For å arbeide som tilkallingsvikar hos oss, må du oppfylle minst eitt av følgjande krav:
  • ha gjennomført bachelorgrad eller tilsvarande 180 studiepoeng innan relevante fagområde
  • vere i gang med treårig relevant høgskule-/universitetsutdanning
  • ha gjennomført treårig vidaregåande skule, eller ha fagbrev som omsorgsarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar, og ha minst tre års relevant arbeidserfaring frå barnevernsinstitusjon, andre barnevernstiltak med døgnbemanning eller tilsvarande omsorgstiltak i døgnbaserte tenester
I tillegg må du ha:
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • gode IT-ferdigheitar
  • førarkort klasse B
  • fysisk og psykisk helse som er foreinleg med krava til tryggleik og sikkerheit i barnevernsinstitusjon

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som trivst med å vere tett på ungdom, og som forstår at omsorg og tryggleik blir skapte i alle møte og situasjonar. Du er tydeleg og trygg i rolla, har evne til å setje grenser og stå i dei, og samarbeider godt med andre som ein del av eit team.

Du er engasjert og kreativ, har lyst og pågangsmot til å bidra til meiningsfulle aktivitetar saman med ungdommane, og er samstundes initiativrik og merksam på kva som trengst i kvardagen. For oss er det viktig at du passer godt til rolla som tilkallingsvikar, og personleg eignaheit vil derfor bli tillagd stor vekt i den samlede vurderinga.


Kva får du hos oss?

Stillingane er plasserte i det statlege lønnsregulativet i stillingskode 1489 miljøterapeut, p.t. kr 490 000 – 640 000 per år. Andre brukarrette fagspesifikke stillingskodar med same lønsplassering kan nyttast i samsvar med det statlege lønnsregulativet og lokal lønspolitikk for Bufetat. Dersom du i tillegg har minst 60 studiepoeng relevant videreutdanning, vil stillingskodane 1185, 1509, 1510 og 1534 vere aktuelle, p.t. kr 540 000 – 690 000 per år.

Dersom du ikkje har relevant bachelorutdanning, vil du bli plassert i stillingskode 1486 miljøarbeidar, 1488 miljøterapeut eller 1203 fagarbeidar med fagbrev, p.t. kr 420 000 – 560 000 per år.

I tillegg kjem turnuskompensasjon i samsvar med tariffavtalane i staten. Lønsplassering og stillingskode blir vurderte ut frå utdanning og erfaring.

Vi kan og tilby:
  • medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordninger (http://spk.no). Frå lønna blir 2 % pensjonsinnskot trekte
  • gode samarbeidsrelasjonar, samt dyktige og motiverte medarbeidarar
  • eit engasjert og godt fagleg miljø der du vil ha gode støttespelarar i arbeidskvardagen
  • deltaking i teamarbeid med terapeutar og leiing
  • gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • gratis parkering ved eininga

I tillegg til dette får du vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn, ungdom og familiar eit endå betre tilbod, og det meiner vi har stor verdi i seg sjølv.


Opplysningar til deg som søkjer
  • Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.
  • Stillinga er for tida lagd til Stavanger akuttsenter.
  • Vi gjennomfører bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar.
  • Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden.
  • Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngjevast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.
  • Prøvetid i samsvar med Statens personalhandbok.
  • Du må oppgi minimum to referansar av fagleg relevans og nyare dato.
  • Vi vil intervjue og rekruttere kvalifiserte søkjarar fortløpande.

Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.


Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor.

Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg.

Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Miljøterapeutar i 100% fast stilling
Miljøterapeutar i 100% fast stilling

Bufetat • Stavanger

On-site
NOK 490,000 - 640,000
Gratis parkering ved eininga
Miljøterapeut, vaken nattevakt - 70,3% fast stilling
Miljøterapeut, vaken nattevakt - 70,3% fast stilling

Bufetat • Stavanger

On-site
NOK 490,000 - 640,000
Miljøterapeut 70 % vikariat
Miljøterapeut 70 % vikariat

Bufetat • Bergen

On-site
NOK 490,000 - 640,000
Bufetat
Miljøterapeut vikariat
Miljøterapeut vikariat

Bufetat • Bergen

On-site
NOK 490,000 - 640,000
Pensjonsordning i SPK
Fagkonsulent
Fagkonsulent

Bufetat • Haugesund

On-site
NOK 520,000 - 690,000
Tilkallingsvikar miljøterapeut/miljøarbeider
Tilkallingsvikar miljøterapeut/miljøarbeider

Bufetat • Molde, Remmem

On-site
NOK 500,000 - 690,000
Tilkallingsvikarer Akershus UFS
Tilkallingsvikarer Akershus UFS

Jan Østby • Vestby

On-site
NOK 248,000 - 331,000
Avdelingsleiar vikariat Kasa
Avdelingsleiar vikariat Kasa

Bufetat • Bergen

On-site
NOK 700,000 - 840,000
Avdelingsleder
Avdelingsleder

Bufetat • Bodø

On-site
NOK 720,000 - 790,000
Pensjonsordning
Autonomi i rollen
Trening i arbeidstiden
Tilkallingsvikar, Lågen ungdomshjem
Tilkallingsvikar, Lågen ungdomshjem

Bufetat • Kongsberg

On-site
NOK 460,000 - 720,000
Pensjonsordning
Lån og forsikring
Top locations