Fagkonsulent

Bufetat

Haugesund

On-site

NOK 520,000 - 690,000

Full time

12 days ago

A complete application in a minute

Tailored resume and cover letter, ready to send.

Get past ATS filters

Job summary

Bufetat Haugesund søker barnevernspedagog, sosionom, vernepleiar eller miljøterapeut til eit tverrfagleg team som arbeider med heimebaserte tenester i Fonna-området.

Stillinga krev 3-årig sosialfagleg utdanning og god skriftleg/nors framstillingsevne, med fokus på kartlegging, rettleiing og oppfølging av familiar og barn i sårbare situasjonar.

Qualifications

  • Krav om barnevernfagleg utdanning og god norsk framstillingsevne.
  • Inkluderer anbefalt vidareutdanning og sertifisering.
  • Erfaring frå barnevernfagleg arbeid er hovudkrav.

Responsibilities

  • Utføre utgreiing av omsorgssituasjonen med analysar og vurderingar.
  • Arbeide i team og samarbeide med tilsette i eit fagmiljø.
  • Vere pådrivar for høg kvalitet og fagleg utvikling.
  • Rettleie av foreldre og vitneførsel i nemnd og rettsinstansar.
  • Delta i kartlegging, samspel, utviklingspsykologi og rettleiing.

Skills

Barnevernspedagog
Sosionom
Vernepleiar
Miljøterapeut

Education

3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning
Relevant vidareutdanning; 30 studiepoeng

Job description

Vi utvidar og etablerar eit team i Haugesund som skal dekke senterets heimebaserte tenester i Fonnaområdet.

Kvar dag arbeider vi for at barn i sine mest sårbare år skal få det dei treng for å vekse og utvikle seg. Vi møter familiar som står i krevjande situasjonar, og vi arbeider med kartlegging, samspelobservasjon, rettleiing og behandlingsarbeid – alltid med barnet sitt perspektiv som kompass.


Vi er eitt av tre senter med døgnavdelingar i Bufetat region vest. Barna i målgruppa er 0–6 år, med prioritering av 0–2 år. Kjerneoppgåva er å bistå kommunale barnevernstenester med spesialisert utgreiing i barnevernstenesta si undersøking etter lov om barnevern §§ 2-2/2-3.
Senteret kan òg tilby omsorgsendrande hjelpetiltak etter lov om barnevern § 3-1, med fokus på utvikling av foreldreferdigheitar og å styrkje tilknytinga mellom foreldre og barn.

Arbeidstida er ei fleksitidsordning der det må reknast med noko arbeid på kveld og eventuelt også helg.

Vi er eit tverrfagleg miljø som tek fag på alvor, men som òg veit at ein god latter innimellom gjer oss til betre hjelparar. Du vil arbeide saman med folk som stiller opp og støttar kvarandre. Vi deler kunnskap og arbeider aktivt for å utvikle kompetansen vår. Vi stiller spørsmål, utfordrer kvarandre og vil kvarandre vel.

  • utgreiing med analysar og vurderingar av omsorgssituasjonen; foreldra si fungering, barnet si utvikling og samspel
  • oppgåver knytt til standardisert forløp for utgreiing av omsorgssituasjonen til sped- og småbarn
  • arbeide i team og samarbeide med tilsette i eit sterkt fagmiljø
  • vere ein pådrivar for høg kvalitet og fagleg utvikling hjå oss
  • rettleiing av foreldre
  • vitneførsel i nemnd og rettsinstansar
  • 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar. Anna relevant treårig høgskuleutdanning kan vurderast. Relevant videreutdanning; minimum 30 studiepoeng i kombinasjon med erfaring frå barnevernfagleg arbeid, eventuelt 60 studiepoeng/master.
  • Erfaring frå barnevernfagleg arbeid, og erfaring fra arbeid med sped- og småbarn.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
  • Erfaring med rettleiing.
  • Sertifisering/kunnskap knytt til metodar i utgreiing- og behandlingsarbeid med foreldre, sped- og småbarn.
Personlege eigenskapar
  • har stort engasjement for dei aller minste borna, og som vil bringe deira behov tydelegare inn i barnevernsarbeidet
  • som trivst i arbeidet med kartlegging, samspel, utviklingspsykologi og rettleiing
  • organiserer arbeidsdagen din, tek ansvar og bidreg til eit godt arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt
  • både kan vere varm og tydeleg i møte med familiar og samarbeidspartnarar – og som toler at ingen dagar er heilt like
  • Stillinga er plassert i statleg lønnsregulativ, stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, p.t kr. 520 000 – 690 000 pr. år.
  • Ved minst 60 studiepoeng relevant vidareutdanning er stillinga plassert i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, 1496 klinisk barnevernspedagog eller 1173 klinisk sosionom, p.t. kr. 610 000 - 730 000 pr. år.
  • eit sterkt fagmiljø som verdset kompetanse og samarbeid, som både utfordrar og heiar
  • gode moglegheiter for fagleg utvikling og rettleiing
  • ein meiningsfull jobb der du verkeleg ser at arbeidet ditt betyr noko
  • du kan trene éi time per veke i arbeidstida.

du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi små barn og familiar eit endå betre tilbod – og det meiner vi har ein stor verdi i seg sjølv!

Opplysningar til deg som søkjar
  • Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.
  • Stillinga er for tida lagd til Senter for foreldre og barn i Stavanger ved kontorlokaler i Haugesund.
  • Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i såfall grunngivast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.
  • Prøvetid i samsvar med statsansattelova.
  • Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.
Kva skal søknaden din innehalde?

For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og leggje ved vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik.

Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning fra utlandet må du leggje ved godkjenning fra Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Ber også om at du legg inn kopi av fysisk førarkort, og skjermbilde av kontrollbildet på digitalt førarkort eller skjermbilde av førarkortstatus på vegvesenet.no

Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor.

Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg.

Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Høgskulen på Vestlandet

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Miljøterapeut
Miljøterapeut

Bufetat • Bergen

On-site
NOK 340,000 - 420,000
Miljøterapeutar i 100% fast stilling
Miljøterapeutar i 100% fast stilling

Bufetat • Stavanger

On-site
NOK 490,000 - 640,000
Gratis parkering ved eininga
Vikariat rådgjevar
Vikariat rådgjevar

Bufetat • Bergen

On-site
NOK 620,000 - 710,000
Statens pensjonskasse
Miljøterapeut vaken nattevakt
Miljøterapeut vaken nattevakt

Bufetat • Volda

On-site
NOK 510,000 - 650,000
Statlig lønnsregulativ
Pensjonsordning i SPK
Familieterapeut - vikariat
Familieterapeut - vikariat

Bufetat • Drammen

On-site
NOK 545,000 - 725,000
Fleksibel arbeidstid
Jobb i et tverrfaglig fagmiljø
Medlemskap i SPK (pensjonsordning)
+1
Miljøterapeut 80%
Miljøterapeut 80%

Bufetat • Gjøvik

On-site
NOK 540,000 - 690,000
Gratis parkering
Fagkonsulent
Fagkonsulent

Monika Høyer Haugland • Førde

On-site
NOK 520,000 - 690,000
Miljøterapeuter
Miljøterapeuter

Bufetat • Borkenes

On-site
NOK 520,000 - 620,000
Familieutreder i turnus, fast stilling
Familieutreder i turnus, fast stilling

Bufetat • Asker

On-site
NOK 500,000 - 650,000
Faglig utvikling
Veiledningstilbud
Statens pensjonskasse
+1
Avdelingsleder
Avdelingsleder

Bufetat • Bodø

On-site
NOK 720,000 - 790,000
Pensjonsordning
Autonomi i rollen
Trening i arbeidstiden
Top locations