Miljøterapeut, vaken nattevakt - 70,3% fast stilling

Bufetat

Stavanger

On-site

NOK 490,000 - 640,000

Part time

4 days ago
Be an early applicant

A complete application in a minute

Tailored resume and cover letter, ready to send.

Get past ATS filters

Job summary

Bufetat, Nord-Jæren barne- og ungdomssenter, avdeling Lindøy, har ledig fast stilling som miljøterapeut - vaken nattevakt i 70,3 % stilling. Turnusen inneber arbeid kvar fjerde helg.

Arbeidsstaden legg vekt på miljøterapi, traumesensitiv tilnærming og heilskapleg oppfølging av ungdom mellom 13 og 18 år. Søkar må ha bachelorgrad eller 180 studiepoeng og norsk språkkompetanse på nivå B2.

Qualifications

  • Minimum treårig relevant høgskule- eller universitetsutdanning, bachelorgrad eller 180 studiepoeng i relevante fagområder.
  • Søkjarar utan bachelor kan vurderes med minimum tre års relevant erfaring frå barnevern og/eller institusjonsarbeid.
  • Kommunisere godt på norsk (tilsvarande nivå B2).
  • Førarkort klasse B.

Responsibilities

  • Rettleie ungdommane og setje grenser på ein utviklingsstøttande måte.
  • Utføre daglege driftsoppgåver i heimen og miljøet.
  • Handtere kriser og stressfylte situasjonar.
  • Handtere og arbeid førebyggjande mot hendingar der barn og unge kan skade seg sjølve eller andre.
  • Bidra til rettstryggleiken til ungdommane gjennom god dokumentasjon.
  • Reflektere over eiga rolle i møte med barn, unge og familiar (etisk refleksjon).
  • Følgje opp planar fagleg og systematisk.

Skills

Kommunikasjon
Emosjonell trygghet
Etisk refleksjon
Tverrfaglig samarbeid
Krisehåndtering

Education

Bachelorgrad/180 studiepoeng

Job description

Lindøy 1, 4O13 Stavanger, 4013 Stavanger

Å arbeide som nattevakt handlar om mykje meir enn å passe på medan andre søv. Du bidreg til å skape ein trygg, stabil og føreseieleg kvardag for ungdomar som treng gode vaksne rundt seg. Gjennom ro, tryggleik og fagleg tilstadevering er nattevakta ein viktig del av det miljøterapeutiske arbeidet. Dei som arbeider natt, er ikkje berre til stades når huset søv, men er ein viktig del av heilskapen rundt ungdommen og bidreg til omsorg, utvikling og tryggleik i kvardagen.

Nord-Jæren barne- og ungdomssenter består av fire avdelingar og tilbyr omsorg til ungdom mellom 13 og 18 år etter barnevernslova §§ 5-1 og 3-2. Avdeling Lindøy har fire plassar og eit tverrfagleg samansett fagmiljø.

Vi arbeider målretta med miljøterapi, traumesensitiv tilnærming og standardisert forløp for å skape varig positiv endring i livet til ungdommane.

For meir informasjon, sjå nettsida vår: Nord-Jæren barne- og ungdomssenter | Bufdir.

Målet med stillinga er å ta vare på ungdommane og oppretthalde ro på avdelinga om natta.

Om stillinga og arbeidsstaden

Ved Nord-Jæren barne- og ungdomssenter, avdeling Lindøy, har vi ledig fast stilling som miljøterapeut - vaken nattevakt i 70,3 % stilling. Turnusen inneber arbeid kvar fjerde helg.

Å arbeide som nattevakt handlar om mykje meir enn å passe på medan andre søv. Du bidreg til å skape ein trygg, stabil og føreseieleg kvardag for ungdomar som treng gode vaksne rundt seg. Gjennom ro, tryggleik og fagleg tilstadevering er nattevakta ein viktig del av det miljøterapeutiske arbeidet. Dei som arbeider natt, er ikkje berre til stades når huset søv, men er ein viktig del av heilskapen rundt ungdommen og bidreg til omsorg, utvikling og tryggleik i kvardagen.

Nord-Jæren barne- og ungdomssenter består av fire avdelingar og tilbyr omsorg til ungdom mellom 13 og 18 år etter barnevernslova §§ 5-1 og 3-2. Avdeling Lindøy har fire plassar og eit tverrfagleg samansett fagmiljø.

Vi arbeider målretta med miljøterapi, traumesensitiv tilnærming og standardisert forløp for å skape varig positiv endring i livet til ungdommane.

Hjå oss står samarbeid med familiar, skule, helsevesen og kommunale tenester sentralt for å gi ungdommane heilskapleg oppfølging.

For meir informasjon, sjå nettsida vår: Nord-Jæren barne- og ungdomssenter | Bufdir.

Arbeidsoppgåver

Målet med stillinga er å ta vare på ungdommane og oppretthalde ro på avdelinga om natta.

For å oppnå dette målet skal du:

  • Rettleie ungdommane og setje grenser på ein utviklingsstøttande måte.
  • Utføre ulike praktiske oppgåver som er nødvendige for den daglege drifta av heimen.
  • Handtere kriser og stressfylte situasjonar.
  • Handtere og arbeide førebyggjande mot hendingar der barn og unge kan skade seg sjølve eller andre.
  • Bidra til å ivareta rettstryggleiken til ungdommane gjennom god dokumentasjon.
  • Reflektere over eiga rolle og funksjon i møte med barn, unge, familiar, kollegaer og samarbeidspartnarar (etisk refleksjon).
  • Følgje opp planar på ein fagleg og systematisk måte.
Kva bakgrunn har du?
Må- krav:
  • Du må ha minimum treårig relevant høgskule- eller universitetsutdanning, fullført bachelorgrad eller tilsvarande 180 studiepoeng innan relevante fagområde.
  • Studentar som er i ferd med å fullføre bachelorutdanning innan sosialt arbeid, barnevern eller vernepleie, kan òg bli vurderte.
  • For søkjarar utan relevant bachelorutdanning kan vi vurdere søkjarar med minimum tre års relevant erfaring frå barnevern og/eller institusjonsarbeid.
  • Kommunisere godt på norsk (tilsvarande nivå B2).
  • Førarkort klasse B.
Bør-krav:
  • Kompetanse til å gjere faglege vurderingar, tilpasse tiltak for ungdommane og dokumentere desse skriftleg.
  • Erfaring frå institusjonsarbeid.
  • Evne til å forstå og leggje til rette for endringsprosessar, både på individ- og systemnivå.
Personlege eigenskapar

Kven ser vi etter?

  • Robust og emosjonelt trygg – Du har evne til å meistre stress ved å sjå utfordringar som handterbare, meiningsfulle og mogelege å påverke.
  • Sjølvreflektert – Du har evne til å reflektere over eigne og andre sine opplevingar, synspunkt, oppfatningar og behov, og skilje mellom desse.
  • Verdibasert – Du identifiserer deg med, opptrer og arbeider i tråd med vårt samfunnsoppdrag og våre kjerneverdiar: «Respekt, openheit og deltaking».
  • Motivert – Du er engasjert i å arbeide for barnet sitt beste.
  • Tolmodig, nøyaktig og detaljorientert – Du har evne til å følgje opp behandlings- og tiltaksplanar på ein lojal og systematisk måte, med fokus på langsiktige resultat.
Kva får du hos oss?
  • Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1489 miljøterapeut, kr 490 000 - 640 000 pr. år.Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i stillingskode 1534 spesialutdanna miljøterapeut, kr 540 000 - 690 000 pr år.
  • Søkjarar med sosialfagleg utdanning vil plasserast i fagspesifikke stillingskodar som sosionom, vernepleiar, barnevernspedagog i tråd med lokal lønnspolitikk for Bufetat.
  • For søkjarar utan høgskuleutdanning eller ikkje fullført bachelorgrad, kan det tilsetjast i stillingskode 1486 miljøarbeidar, kr 420 000 – 530 000, stillingskode 1203 fagarbeidar, kr 440 400 – 540 000 pr år eller stillingskode 1488 miljøterapeut, kr 460 000–560 000.
  • Løn og stillingskode blir vurdert etter utdanning og erfaring.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (http://spk.no). Frå lønna blir 2 % pensjonsinnskot trekte.
Opplysningar til deg som søkjar
  • Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.
  • Stillinga er for tida lagd til avdeling Lindøy.
  • Vi gjennomfører bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar.
  • Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden.
  • Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngivast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.
  • Prøvetid i samsvar med statsansattelova.
  • Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.
Kva skal søknaden din innehalde?

For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og leggje ved vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik. Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen.

Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Ber også om at du legg inn kopi av fysisk førarkort, samt skjermbilde av kontrollbildet på digitalt førarkort eller skjermbilde av førarkortstatus på vegvesenet.no.

Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor.

Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg.

Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Miljøterapeut 70 % vikariat
Miljøterapeut 70 % vikariat

Bufetat • Bergen

On-site
NOK 490,000 - 640,000
Bufetat
Miljøterapeut vikariat
Miljøterapeut vikariat

Bufetat • Bergen

On-site
NOK 490,000 - 640,000
Pensjonsordning i SPK
Miljøterapeutar i 100% fast stilling
Miljøterapeutar i 100% fast stilling

Bufetat • Stavanger

On-site
NOK 490,000 - 640,000
Gratis parkering ved eininga
Tilkallingsvikar miljøterapeut/miljøarbeider
Tilkallingsvikar miljøterapeut/miljøarbeider

Bufetat • Molde, Remmem

On-site
NOK 500,000 - 690,000
Tilkallingsvikar, Lågen ungdomshjem
Tilkallingsvikar, Lågen ungdomshjem

Bufetat • Kongsberg

On-site
NOK 460,000 - 720,000
Pensjonsordning
Lån og forsikring
Avdelingsleiar vikariat Kasa
Avdelingsleiar vikariat Kasa

Bufetat • Bergen

On-site
NOK 700,000 - 840,000
Tilkallingsvikarar
Tilkallingsvikarar

Bufetat • Stavanger, Grannes

On-site
NOK 490,000 - 640,000
Gratis parkering
Fagkonsulent
Fagkonsulent

Bufetat • Haugesund

On-site
NOK 520,000 - 690,000
Avdelingsleder
Avdelingsleder

Bufetat • Bodø

On-site
NOK 720,000 - 790,000
Pensjonsordning
Autonomi i rollen
Trening i arbeidstiden
Miljøterapeut
Miljøterapeut

Bufetat • Kristiansund

On-site
NOK 510,000 - 650,000
Statens pensjonskasse
Klatresenter-avtale
Top locations