Don’t send a generic resume — generate a resume and cover letter tailored to this exact role.
Osterøy kommune har ein kommunal ungdomsskule på Hatland, like ved Lonevåg sentrum, og søkjer tilkallingsvikar for skoleåret 2026/27.
Arbeidet kan vere undervisning eller som pedagogisk medarbeidar, og vi søker deg som er trygg og stabil i møte med elevar. Det er ønskje om erfaring frå skule og utdanning som lærar eller barne- og ungdomsarbeidar, eller andre relevante utdanningar. Søkjarar med fleksible arbeidstider vert prioritert.
Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg
Osterøy kommune har ein kommunal ungdomsskule som ligg på Hatland, like ved kommunesenteret i Lonevåg.
Osterøy ungdomsskule har kontinuerleg behov for trygge og stabile vaksne for å sikre at elevane får ein trygg, god og kjekk skulekvardag.
Ved å søkje på denne stillinga søkjer du som tilkallingsvikar ved Osterøy ungdomsskule for skuleåret 2026/27 Ønskjer du å søkje som tilkallingsvikar ved barneskulane våre, er det ei eiga utlysing for dette.
Har du særleg kompetanse eller erfaring frå arbeid i skule ønskjer vi gjerne at du gjer greie for dette i søknaden din.
Vi vil fortløpande ta kontakt med aktuelle kandidatar etter kvart som behovet for vikar oppstår. Om du ikkje lenger ønskjer å stå på lista som tilkallingsvikar ber vi om at du trekkjer søknaden din eller gjer oss melding om at du ikkje lenger er tilgjengeleg.

Arbeidet kan bestå av både undervisning og arbeid som pedagogisk medarbeidar i skule.
Har du særleg kompetanse eller erfaring frå arbeid i skule ønskjer vi gjerne at du gjer greie for dette i søknaden din.
Vi vil fortløpande ta kontakt med aktuelle kandidatar etter kvart som behovet for vikar oppstår. Om du ikkje lenger ønskjer å stå på lista som tilkallingsvikar ber vi om at du trekkjer søknaden din eller gjer oss melding om at du ikkje lenger er tilgjengeleg.
Velkomen som jobbsøkjar i Osterøyskulen! Me gler oss til å bli kjent med deg!Erfaring frå arbeid med barn og unge, særleg i skule, er ønskjeleg men dette er likevel ikkje eit krav.
Vi ønskjer både søkjarar som har utdanning som lærar, barne- og ungdomsarbeidar, helsefagarbeidar eller tilsvarande. Har du ikkje den formelle kompetansen, men gjerne erfaring frå arbeid med barn og unge, ønskjer vi også å kome i kontakt med deg.
Vi ønskjer vidare å kome i kontakt med deg som har andre relevante utdanningar og vi tar og gjerne i mot deg som er høgskulestudent i pedagogisk retta fag.
Vi søkjer etter deg som har eit ønskje om å arbeide med barn og unge og som trivast i rolla. Om du kan arbeide sjølvstendig, ta ansvar men og arbeide godt i team og er god på samarbeid, er dette eigenskapar som vil gå godt overens med arbeidet.
Arbeid i skule krev både tolmod men likefullt engasjement, kreativitet og positivitet! Vi er både ute og inne og ser etter deg som tar ei utfordring på strak arm og som bidrar der det trengs! Er du fleksibel på arbeidstider og kan kome på kort varsel er dette eit stort fortrinn.
Dersom du får tilbod om stilling i Osterøyskulen må du leggje fram gyldig politiattest som er heimla i Opplæringslova § 17-11. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar på tiltredingstidspunktet.
Eventuelle vitnemål og attestar frå tidlegare arbeidserfaringar må leverast til postmottaket ved tilbod om stilling, dersom du ikkje har lasta opp dette som vedlegg i søknaden din, slik at det vil bli gjort ei individuell vurdering av rett lønsnivå for deg med di erfaringsbakgrunn og utdanningsnivå!
Osterøy ungdomsskule er ein nyoppussa og moderne ungdomsskule som ligg på Hatland i Lonevåg, kommunesenteret til Osterøy. Skulen er næraste nabo til både barnehage, barneskule og idrettshall. Det er gode parkeringsmoglegheiter for deg som kjem med bil, og busstopp er rett utenfor skulen.
Elevane på ungdomstrinnet kjem frå alle bygdane på Osterøy og samlast på skulen vår.
Det nyoppussa skulebygget har kultursal, Aulaen, med plass til 260 gjestar, og eit symjebasseng på 12.5 meter.
Skulen set kvart år opp ein musikal, som er ein del av valfag på 10. trinn. Ein har dei siste 32 åra hatt eit snitt på 1000 besøkande kvart år.