Get a reply from this employer — a resume and cover letter tailored to exactly what they’re hiring for.
Voss sjukehus søkjer tilkallingsvikarar til reinhald og vedlikehald av avdelingar og fellesområde. Søkjarane vil handtere daglege reinhaldsoppgåver, samt oppgåver i postkjøkken og oppgåver knytt til reinhald av personalbustader.
Det er ikkje krav til fagbrev, men søkjarar med fagbrev i reinhald vert teke i betraktning. Gode norskkunnskapar i skriftleg og munnleg er påkravd for å sikre effektiv kommunikasjon i eit travelt helsemiljø.
Støttetenester, Voss sjukes som består av portør, reinhald og innkjøp, har et godt og stabilt fagmiljø med motiverte og hyggelege medarbeidare. Voss sjukehus har om lag 400 tilsette, og er eit moderne og velutstyrt sjukehus med ulike faggreiner innen spesialisthelsetenesta.
Vi søker etter tilkallingsvikar som reinhaldartil Voss sjukehus frå snarast.
Aktuelle kandidatar vil bli tilsett via Bemanningssenteret, men vil gå vakter ved Voss sjukehus.
Søknadsfrist:
Tilkallingsvikarar - Reinhald til Voss sjukehus
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook .
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.