An application made for this job — a tailored resume and cover letter that speak straight to the posting.
Vestnes kommune Helland barnehage søker tilkallingsvikarar som kan bidra i dagleg barnehagearbeid. Du vil medverke i avdelingspedagogikken, planlegging og tilrettelegging, samt utviklingsarbeid i tett samarbeid med resten av personalet.
Vi krev at søkjarar har fagleg bakgrunn som barnehagelærar eller barne- og ungdomsarbeidar, og god norsk kommunikasjon. Fleksibilitet, omsorg og evne til å skape eit trygt miljø for barna er sentralt.
Vi har behov for fleire dyktige tilkallingsvikarar ved Helland barnehage.
Arbeid i barnehage innehold oppgåver som:
Vi søker etter deg som er barnehagelærar eller barne- og undomsarbeidar. Dersom vi ikkje får nok kvalifiserte søkjarar kan ufaglærte verte tilsett.
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 måneder.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.
Helland barnehage er sentralt plassert i sentrum av Vestnes kommune med kort avstand til t.d. bibliotek og idrettsanlegg, samtidig som vi har kort avstand til naturen. Barnehagen har i dag 8 avdelingar med 4 småbarn og 4 storbarnsavdelingar. Vi har ein stor styrke i eit godt fagleg miljø i barnehagen med pedagogar og fagarbeidarar.