An application made for this job — a tailored resume and cover letter that speak straight to the posting.
Vestnes kommune Helland barneskule søker lærarar til ledige stillingar ved oppseiingar og permisjonar. Stillingane inngår i tilsettingsprosessen og vurderast ut frå fagkompetanse og pedagogisk erfaring.
Vi søkjer særleg norsk og spesialpedagogikk, men andre fagområder er også aktuelle. Krav: norsk munnleg og skriftleg, minimum B2, god kommunikasjonsevne og digital kompetanse. Personlege eigenskapar som sjølvstendigheit og fleksibilitet vert vektlagt.
Det kan og bli ledige lærarstillingar ved skulen som følge av oppseiingar og/eller permisjonar. Desse stillingane vil bli tatt med i tilsettingsprosessen.
Vi tek atterhald om endringar elles i organisasjonen.
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 måneder i faste stillingar.Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 måneder.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.
Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende vedlegg.Attestar og vitnemål må takast med til intervju.
Helland barneskule har ca. 260 elevar på 1.-7.årssteg. Skulen har skulefritidsordning med ca. 120 barn. Helland barneskule ligg sentralt i Vestnes kommune. Skulen ligg i eit flott naturområde nær sjø, skog og fjell. Skulen nyttar seg ofte av den flotte naturen til turar og aktivitetar.