Enable job alerts via email!
En offentlig tannhelsetjeneste i Askvoll søker tannleger til 2 stillinger med opp til 100% stilling. Stillingen tilbyr fleksibel arbeidstid, et rekrutteringstillegg på 50 000 kr årlig, og gode økonomiske vilkår. Dine oppgaver inkluderer klinisk arbeid og deltagelse i kvalitetsutvikling. Kvalifikasjoner inkluderer norsk autorisasjon som tannlege og fokus på pasientbehandling.
Vestland tannhelseteneste – Askvoll klinikkområde søkjer tannlegar til 2 ledige stillingar på Askvoll tannklinikk med inntil 100% stilling. Til stillingane har vi gode økonomiske vilkår og moglegheit for fleksibel arbeidstid.
Vi kan tilby:
Askvoll klinikkområde består av Askvoll og Hyllestad tannklinikk, og Hardbakke ambuleringsklinikk. Desse klinikkane har eit tett samarbeid. Askvoll tannklinikk er ein klinikk for 3 tannlegar, 2 tannpleiarar og 3 tannhelsesekretærar. Hyllestad tannklinikk har 1 tannlege, 1 tannpleiar og 1 tannhelsesekretær. På Hardbakke tannklinikk er det ingen fast bemanning, men personal frå Hyllestad eller Askvoll ambulerer etter behov. Det er eit godt arbeidsmiljø og gode moglegheiter for fagleg utvikling med pasientar i alle aldersgrupper, også mange vaksne pasientar fordi det er lite private tannklinikkar i området.
Askvoll ligg sentralt plassert på kysten av Sogn og Fjordane, like nord for Bergen, og er eit knutepunkt mellom land og sjø. Askvoll byr på alt det Fjord Noreg er kjent for, og strekkjer seg frå høge fjell i øst, til det vestlegaste bufaste øysamfunnet Bulandet i vest. Folket i Askvoll lever tett på naturen og elementa. Lyset er skiftande og vakkert, og solnedgangane magiske, heile året.
Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis. Vi behandler hovudsakleg prioriterte pasientgrupper, men tar også i mot vaksne, betalande pasientar.
Vi har ein unik kompetanse, tilbyr spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom vårt førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland.
Vi er om lag 550 tilsette fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og vårt kompetansesenter TkVestland.
Du likar å arbeide med menneske og har alltid pasienten i fokus.
Du kan samhandle med ulike pasientgrupper. Du kommuniserer godt og har evne til å skapa gode relasjonar til pasientar, pårørande, kollegaer og andre samarbeidspartar. Du trivst med å jobbe i team og er aktivt med på å skape eit godt arbeidsmiljø.
Du arbeider systematisk, strukturert og planmessig for å nå måla våre.
Du er nysgjerrig og interessert i fagleg utvikling, du deler også kompetanse med andre.
Linn Marita Høyvik, Klinikkleiar, Linn.Marita.Skiftesvik.Hoyvik@vlfk.no
Askvollvegen 395
6980 Askvoll
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 4992509922
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.09.2025
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.