A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Stranda kommune søker tilkallingsvikar til Heimeteneste for yngre brukarar med funksjonsnedsetjing. Stillinga er 20% og blir ein del av eit lite, fagleg sterkt og omsorgsfullt team. Du får variert arbeid og moglegheit til å bidra til kvalitetsomsorg.
Arbeidstid vil vere helgevakter og langvakter på 12,5 timar, med mogleg kveldsvakter. Førarkort og gode norskkunnskapar er krav. Du vil møte trygt og personleg, få god opplæring og rettleiing.
Er du ute etter ei meiningsfull bijobb – der du gjer ein forskjell for eit unikt menneske?
HTF (Heimeteneste for yngre brukarar med funksjonsnedsetjing) i Stranda kommune søkjer ein person som kan bidra som tilkallingsvikari eit lite, fagleg sterkt og omsorgsfullt team.
Arbeidstid og fleksibilitet
Det er mest behov for helgevakter/langvakter på 12,5 timar, men kveldsvakter kan også vere aktuelt. Vi er fleksible – og du blir ein del av eit team som jobbar aktivt med fagutvikling, der alle får bidra.
Førarkort.
Gode norskkunnskaper både muntleg og skriftleg
Personleg eignaheit er avgjerande.
Du er trygg i deg sjølv, roleg og skapar tryggleik rundt deg.
Du er forståingsfull, god til å observere og tilpasse degandre sine behov og åtferd.
Du har godt humør, og trivst med å bidra til ein meiningsfull kvardag.
Du jobbar sjølvstendig og aleine, men får god opplæring og rettleiingfrå eit team med mykje erfaring og fagleg engasjement.
Eit trygt arbeidsmiljømed fokus på fagleg utvikling og trivsel.
God opplæring og rettleiing– du får tid til å bli trygg i rolla.
Ei meiningsfull rolle der du gjer ein forskjell
Fleksibilitet og respekt for at dette er ei bijobb.
Usikker på om dette passer for deg?
Du treng ikkje ha erfaring frå før – det viktigaste er at du møter andre med ro, respekt og varme.
Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat – vi vil gjerne bli kjent med deg!
Liv Skarbø Gjærde,Eininingsleiar,+47 46411180
Nymarkvegen 58
6200Stranda
Arbeidsgivar: Stranda kommune
Referansenr.: 5212369847
Stillingsprosent: 20%
Vikar
Søknadsfrist: 03.12.2026
Stranda – «Ein liten stad i verdsklasse»! Mellom fjord og fjell på indre Sunnmøre 1 time frå Ålesund finn du Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda. Kommunen har ca. 4.300 innbyggjarar eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt kultur- og idrettsliv og eit breitt tilbod for deg som trivst ute året rundt. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet- spesielt kjent for sine spektakulære omgivnadar i Sunnmørsalpane, regionalt kulturhus- den naturlege møtestaden for kino, teater, dans, utstillingar og konsertar av alle slag, folkebibliotek og treningssenter.
I Stranda kommune arbeider vi etter visjonen «Til å vere stolt av». Vi ønskjer å vere ein arbeidsplass der folk trivst, utviklar seg og får bruke kompetansen sin til beste for innbyggjarane. Gjennom samarbeid, tillit og engasjement skaper vi gode tenester og sterke lokalsamfunn. Verdiane våre respekt, omsorg og openheit skal prege arbeidet vårt. Les om Stranda og dei kommunale tenestilboda.
I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt. Offentleg tenestepensjon for nytilsette