Aumenta le possibilità di ricevere una risposta da questo datore di lavoro
Il tuo curriculum e una lettera di presentazione personalizzati, che corrispondono esattamente a ciò che sta cercando.
Sunnylven distrikt og Geiranger distrikt utgjer til saman eit viktig heilskapleg helse- og omsorgstilbod i Stranda kommune. Vi søkjer ein engasjert fagsjukepleiar til ei nyoppretta 100% fast stilling frå 01.03.2027, med ansvar for klinisk arbeid, fagutvikling og rettleiing.
Du vil samarbeide tett med avdelingsleiar og kollegaer, delta i tverrfagleg arbeid, og bidra til kvalitetsforbetring og implementering av nye metodar og tilbod. Søkjar må ha norsk autorisasjon og relevant praksis.
I Sunnylven distrikt er det 23 omsorgsbustadar og i Geiranger distrikt er det 9 omsorgsbustadar. Det blirgitt heimesjukepleie, praktisk bistand og matombering til bebuarane på omsorgsbustadane, i tillegg til eit varierande antal heimebuande.
Vil du vere med å styrkje fagkompetansen og kvaliteten i helse- og omsorgstenestene?
Vi har ledig nyoppretta100% fast stilling som fagsjukepleiar fra 01.03.2027
Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk sjukepleiar som ønskjer å bidra til kvalitetsutvikling, kompetanseheving og kunnskapsbasert praksis i tenesta.
Som fagsjukepleiar vil du vere ein viktig fagleg ressurs for medarbeidarar og avdelingsleiar. Du vil kombinere klinisk arbeid med fagutvikling, undervisning og rettleiing, og bidra til at tenesta utviklar seg i takt med framtidige behov.
Arbeidstid etter den til ei kvar tid gjeldande turnus.
Arbeidsstad vil vere i Sunnylven distrikt, men ein må pårekne å reise til Geiranger distrikt ved behov.
Undervisning og kompetanseheving
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der deifleste tenestepensjonarkun vert utbetalt i 10 år, eroffentleg tenestepensjon eiutbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.
Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden. Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtaler, herunder 6 mnd. prøvetid og 2 % pensjonsinnskot.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25.
Stranda – «Ein liten stad i verdsklasse»! Mellom fjord og fjell på indre Sunnmøre 1 time frå Ålesund finn du Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda. Kommunen har ca. 4.300 innbyggjarar eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt kultur- og idrettsliv og eit breitt tilbod for deg som trivst ute året rundt. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet- spesielt kjent for sine spektakulære omgivnadar i Sunnmørsalpane, regionalt kulturhus- den naturlege møtestaden for kino, teater, dans, utstillingar og konsertar av alle slag, folkebibliotek og treningssenter.
Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Du kan få sletta delar av lånet kvart år til det er nedbetalt.
I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt. Offentleg tenestepensjon for nytilsette