Aumenta le possibilità di ricevere una risposta da questo datore di lavoro
Il tuo curriculum e una lettera di presentazione personalizzati, che corrispondono esattamente a ciò che sta cercando.
Stranda kommune lyser ut ein 75% stilling som heimehjelp i Stranda distrikt. Stillinga ligg under heimetenesta og omfattar praktisk bistand i private heim og omsorgsbustadar i Stranda tettstad.
Arbeid på dagtid, 37,5 t/veke. Stillinga krev førarkort klasse B, eigen bil, og gode norskkunnskapar. Startdato 04.01.2027, søknadsfrist 02.12.2026.
Det er ledig 75 % stilling som heimehjelp i Stranda distrikt. Stillinga er organisert under heimetenesta. Arbeid på dagtid, 37,5 t veka.Personalet i heimetenesta yter tenester til Solbakken- og Dalane omsorgsbustadar samt heimebuande i Stranda tettstad.
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2 % pensjonsinnskot. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. Offentleglova § 25.
Praktisk bistand/heimehjelp inneber reinhald i privat heim og i omsorgsbustadar. Vask av klede og rettleiing i forhold til tilbereding av mat og andre praktiske oppgåver kjem i tillegg.
Førarkort klasse B og disponere eigen bil i tenesta. Du får utbetalt kjøregodtgjersle etter gjeldande satsar.
Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg for å sikre god kommunikasjon med brukarar og kollegaer.
Erfaring frå liknande arbeid/reingjering er ein fordel, men ikkje eit krav.
Politiattest må framvisast før ein tek til i stillinga.
Serviceinnstilt, påliteleg og har respekt for enkeltmennesker.
Arbeide godt sjølvstendig.
Personleg eignaheit vil bli vektlagd.
Liv Skarbø Gjærde,Eininingsleiar,+47 46411180
Nymarkvegen 58
6200Stranda
Arbeidsgivar: Stranda kommune
Referansenr.: 5211662981
Stillingsprosent: 75%
Fast
Startdato: 04.01.2027
Søknadsfrist: 02.12.2026