Get a reply from this employer — a resume and cover letter tailored to exactly what they’re hiring for.
Universitetet i Bergen ønsker ph.d.-stipendiat i topologisk dataanalyse ved Matematisk institutt. Stillinga er tre år med moglegheit for ein fjerde år knytt til undervisning og forsking.
Prosjektet er tilknytt Lie-Størmer-senteret og SolveLab, med fokus på multiparameterpersistens og medisinske data. Stillinga inneber tett samarbeid mellom algebra, geometri og berekningsorientert matematikk, og krev engasjement i internasjonalt forskingsmiljø.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA
Ved Matematisk institutt er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i topologisk dataanalyse. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning ved instituttet). Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen (UiB) som eit bidrag til Lie-Størmer-senteret. Stillinga er knytt til arbeidspakken WP4 – Topology, Algebra, and Geometry for Complex Data Analysisved senteret.
Lie-Størmer-senteret er eit samarbeid mellom UiT Noregs arktiske universitet (UiT) og Universitetet i Bergen (UiB). Senteret vil tilsetje ph.d.-stipendiatar som skal forske på samspelet mellom algebra, differensialgeometri, analyse og berekningsorientert matematikk og på bruk av desse fagområda innan datavitskap og berekningsorientert dynamikk. Du kan lese meir om prosjektet på nettsida til Lie-Størmer-senteret .
Ved Lie-Størmer-senteret legg vi til rette for dialog gjennom forskingssamarbeid, den internasjonale forskarskulen Mathesis og ein sterk kultur for vitskapleg utveksling og formidling.
Ph.d.-prosjektet er ein del av WP4 – Topology, Algebra, and Geometry for Complex Data Analysis ved Lie-Størmer-senteret. Det skal utvikle matematiske og berekningsorienterte metodar innan topologisk dataanalyse, med særleg vekt på multiparameterpersistens og bruk på medisinske data. Prosjektet skal kombinere teoretisk arbeid med multiparameterpersistens med utvikling og implementering av algoritmar for medisinsk bileteanalyse.
Den som blir tilsett, skal undersøkje berekningskompleksitet, stabilitet og numeriske samandrag av multiparameterpersistens og bruk av metodane innan medisinsk bileteanalyse. Stipendiaten skal òg delta aktivt i forskingsmiljøet ved Lie-Størmer-senteret og forskarskulen Mathesis .
Lie-Størmer-senteret skal byggje bruer mellom rein og berekningsorientert matematikk, mellom matematiske fagmiljø i Tromsø, Bergen og resten av Noreg og mellom forsking og utdanning i ERCOM-nettverket av europeiske matematiske forskingssenter.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Om stipendiatstillinga: Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga: Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Karoline Christiansen på karoline.christiansen@uib.no eller 55 58 47 70.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her .
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.