Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Universitetet i Bergen vil vere mellom Europas fremste universitet og tilbyr ei stipendiatstilling ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi. Stillinga er 100 % og har ein varig tre års periode med tilsetjing og finansiering frå UiB.
Stipendiaten skal gjennomføre eit doktorgradsprosjekt innanfor instituttets forskingsområde og delta i miljøet ved institutt for klinisk odontologi. Lønn varierer etter tilsetting og kvalifikasjonar, og norsk autorisasjon/ HK-dir-krav kan vere
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA
Ved Det medisinske fakultet,Institutt for klinisk odontologi, er det ledig ei stilling som stipendiat (100 %), med ønsket oppstart april 2027. Stillinga er ledig for ein periode på tre (3) år.
Stillinga er knytt tilforskargruppene ved instituttet og er finansiert av Universitetet i Bergen. Instituttet har for tida fire forskargrupper; vevsbygging/regenerasjon, biomaterialar, oral infeksjon og inflammasjon og klinisk odontologi.
Munnhelse og odontologi har komplekse samfunnsmessige utfordringar som krev samspel over ulike fagområde og helseaktørar. Stipendiatane vil ta del i forsking ved instituttet basert på innlevert forskingsprotokoll. Stipendiatprosjektet skal bidra til å vidareutvikle instituttet sitt strategiske satsingsområdet innan forsking, som igjen skal spele samen med pågåande forsking ved instituttet.
Prosjekta bør vere innanfor eit, eller i kombinasjon med fleire av tematiske satsingsområde gitt av forskargruppene våre. For kostbare prosjekt må det søkjast om ekstern finansiering. Dette gjeld særleg for kliniske og/eller laboratoriestudiar.
Instituttet er ein arbeidsplass der nærvær i lokala våre er hovudregel. Vi meiner at nærvær er viktig for å sikre eit godt arbeidsmiljø med samhald, kollegial støtte og fagleg utvikling. Stipendiaten vi ser etter må ønskje å vere ein del av dette arbeidsmiljøet.
Personlege eigenskapar vert vektlagd ved vurderinga.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg leggje ved Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå https://hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå HK-dir kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiat stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon fra HK-dir om at dei har mottatt søknaden din. Merk at den automatiske godkjenningsordninga til HK-dir ikkje er tilstrekkeleg. Søkjarar med nordisk utdanning, eller medisinutdanning fra EØS-området som har fått lisens til å arbeide som lege i Norge er unntatt kravet om HK-dir vurdering, sjå Opptakskrav | Det medisinske fakultet | UiB
Sjå også krav om dokumentasjon av engelsk-kunnskapar:
Opptakskrav for ph.d.-programmet ved Det medisinske fakultet | UiB
Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjent opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på 3 år, utan andre pålagte arbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjennte av fakultetet innan tre måneder etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.
Stipendiatstilling:Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Undervisningsspråket er til vanleg norsk.
Nærare opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte førsteamanuensis Cecilie Gjerde, e-post: cecilie.gjerde@uib.no ,tlf.: 986 98 405 eller instituttleiar professor Asgeir Bårdsen, e-post: asgeir.bardsen@uib.no . For HR-relevante spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Tonje Faanes, e-post: tonje.faanes@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Universitetet i Bergen treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å verte ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du verte positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her: Slik behandler vi din søknad | UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5