Stipendiat (3 år) ved Institutt for klinisk odontologi

Universitetet i Bergen

Bergen

In loco

NOK 600.000 - 635.000

Tempo pieno

3 ore fa
Candidati tra i primi

Una candidatura completa in un minuto

Curriculum e lettera di presentazione personalizzati, pronti da inviare.

Supera i filtri ATS

Descrizione del lavoro

Universitetet i Bergen lys opp ei stipendiatstilling ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, med start våren 2027. Stillinga er 100 % og tre år lang, og prosjektet er tilknytta instituttets forskargrupper og satsingar.

Kravet er fullført mastergrad i odontologi, samt evne til å gjennomføre eit doktorgradsprosjekt. Norskspråklig undervisning og eit støttemiljø for forsking blir lagt vekt på i søknadsprosessen.

Competenze

  • Søkjar må ha fullført mastergrad eller tilsvarande i odontologi.
  • Erfaring frå relevante forskingsprosjekt vil telje positivt.
  • Evne og motivasjon til å gjennomføre eit doktorgradsprosjekt

Mansioni

  • Utforme og gjennomføre eit doktorgradsprosjekt innanfor ramma av instituttets satsingar.
  • Bidra til utvikling av vitskaplege publikasjonar og formidling av forskingsfunn til både akademiske og ikkje-akademiske målgrupper.

Conoscenze

Forskingsprosjekt erfaring
Motivasjon for doktorgrad

Formazione

Mastergrad i odontologi

Descrizione del lavoro

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Ved Det medisinske fakultet,Institutt for klinisk odontologi, er det ledig ei stilling som stipendiat (100 %), med ønsket oppstart april 2027. Stillinga er ledig for ein periode på tre (3) år.

Stillinga er knytt tilforskargruppene ved instituttet og er finansiert av Universitetet i Bergen. Instituttet har for tida fire forskargrupper; vevsbygging/regenerasjon, biomaterialar, oral infeksjon og inflammasjon og klinisk odontologi.

Munnhelse og odontologi har komplekse samfunnsmessige utfordringar som krev samspel over ulike fagområde og helseaktørar. Stipendiatane vil ta del i forsking ved instituttet basert på innlevert forskingsprotokoll. Stipendiatprosjektet skal bidra til å vidareutvikle instituttet sitt strategiske satsingsområdet innan forsking, som igjen skal spele samen med pågåande forsking ved instituttet.

Prosjekta bør vere innanfor eit, eller i kombinasjon med fleire av tematiske satsingsområde gitt av forskargruppene våre. For kostbare prosjekt må det søkjast om ekstern finansiering. Dette gjeld særleg for kliniske og/eller laboratoriestudiar.

Instituttet er ein arbeidsplass der nærvær i lokala våre er hovudregel. Vi meiner at nærvær er viktig for å sikre eit godt arbeidsmiljø med samhald, kollegial støtte og fagleg utvikling. Stipendiaten vi ser etter må ønskje å vere ein del av dette arbeidsmiljøet.

  • Utforme og gjennomføre eit doktorgradsprosjekt innanfor ramma av instituttet sine satsingar.
  • Bidra til utvikling av vitskaplege publikasjonar og formidling av forskingsfunn til både akademiske og ikkje-akademiske målgrupper.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Søkjar må ha fullført mastergrad eller tilsvarande iodontologi
  • Erfaring frå relevante forskingsprosjekt vil telje positivt
  • Evne og motivasjon til å gjennomføre eit doktorgradsprosjekt
  • Instituttet vurderer berre søkjarar frå land som Noreg har tryggingssamarbeid med

Personlege eigenskapar vert vektlagd ved vurderinga.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg leggje ved Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå https://hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå HK-dir kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiat stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din. Merk at den automatiske godkjenningsordninga til HK-dir ikkje er tilstrekkeleg.Søkjarar med nordisk utdanning, eller medisinutdanning frå EØS-området som har fått lisens til å arbeide som lege i Norge er unntatt kravet omHK-dir vurdering, sjå Opptakskrav | Det medisinske fakultet | UiB

Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjent opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på 3 år, utan andre pålagte arbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.

Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen.Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Løn for tida kr 600 000 (kode 1017) i lønsregulativet til staten. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling er løn for tida kr 615 000 (For søkjarar som er autorisert som lege eller tannlege, må dokumentasjon på norsk autorisasjon leggjast ved søknaden). For søkjarar med spesialistutdanning er løna for tida kr 635 000 (For søkjarar som har spesialistutdanning, må det leggjast ved spesialistgodkjenning frå Helsedirektoratet.)
  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • Søkjarar med utanlandsk utdanning (bachelor og master) må leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg leggje vedHK-dir si generelle vurdering om utdanninga samsvarar med norsk mastergrad. Sjå https://hkdir.no/ for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Har du ikkje fått svar innan søknadsfristen, kan du leggje ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din
  • Ei fullstendig liste over publikasjonar og eventuelle andre faglege arbeid du vil det skal takast omsyn til
  • Eventuelle publikasjonar (i PDF-format)
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Nærare opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte førsteamanuensis Cecilie Gjerde, e-post: cecilie.gjerde@uib.no ,tlf.: 986 98 405 eller instituttleiar professor Asgeir Bårdsen, e-post: asgeir.bardsen@uib.no . For HR-relevante spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Tonje Faanes, e-post: tonje.faanes@uib.no

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Universitetet i Bergen treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å verte ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du verte positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Kunnskap som formar samfunnet

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Ottieni la revisione del curriculum gratis e riservata.

o trascina qui il file.

Similar jobs

Offerte di lavoro simili che vale la pena confrontare

Stipendiat ved Klinisk institutt 2
Stipendiat ved Klinisk institutt 2

Universitetet i Bergen • Bergen

In loco
NOK 540.000 - 660.000
Medlemsskap i Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Førsteamanuensis i helsevitenskap
Førsteamanuensis i helsevitenskap

Universitetet i Bergen • Bergen

In loco
NOK 800.000 - 850.000
Sjukepleiar ved Institutt for klinisk odontologi, Seksjon for oral kirurgi og oral medisin
Sjukepleiar ved Institutt for klinisk odontologi, Seksjon for oral kirurgi og oral medisin

Cecilie Gjerde • Bergen

In loco
NOK 655.000 - 685.000
Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Sjukepleiar ved Institutt for klinisk odontologi, Seksjon for oral kirurgi og oral medisin
Sjukepleiar ved Institutt for klinisk odontologi, Seksjon for oral kirurgi og oral medisin

Universitetet i Bergen • Bergen

In loco
NOK 655.000 - 685.000
Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Postdoktor innen global helse
Postdoktor innen global helse

Postdoktor • Bergen

In loco
NOK 690.000 - 725.000
Lønna: kr 690 000 (kode 1352) i staten
Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Postdoktor innen global helse
Postdoktor innen global helse

Universitetet i Bergen • Bergen

In loco
NOK 690.000 - 725.000
Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Postdoktor i multifunksjonalitet i graslandskap
Postdoktor i multifunksjonalitet i graslandskap

Universitetet i Bergen • Bergen

In loco
NOK 617.000 - 754.000
Godt arbeidsmiljø
Postdoktorstilling (kode 1352)
Medlemskap i Pensjonskasse
+1
Universitetslektor (20 % ekstraerverv) i medisin (farmakologi)
Universitetslektor (20 % ekstraerverv) i medisin (farmakologi)

Universitetet i Bergen • Bergen

In loco
NOK 655.000 - 705.000
Medlemsskap i Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Postdoktor ved Det juridiske fakultet
Postdoktor ved Det juridiske fakultet

Universitetet i Bergen • Bergen

Ibrido
NOK 728.000 - 800.000
Vitskapeleg assistent
Vitskapeleg assistent

Universitetet i Bergen • Bergen

In loco
NOK 473.000 - 578.000
Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Luoghi più richiesti