Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Universitetet i Bergen etter søkjarar som er lege med norsk autorisasjon og har relevans innan klinisk farmakologi. Undervisning vil i hovudsak vere knytt til profesjonsstudiet i medisin, og det kan vere aktuelt å delta i andre studieprogram ved behov.
Søkjar må oppfylle utdanningsfagleg kompetanse innen to år frå tilsetjing. Stillinga er ei åremålsstilling ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2 i medisin (farmakologi), knytt til søkjaren sin hovudstilling som lege.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig åremålsstilling som universitetslektor (20 % ekstraerverv) i medisin (farmakologi) for ein periode på fire (4) år frå tilsetjing. Stillinga er knytt til søkjaren sin faste hovudstilling som lege (minimum 50 %) ved helseinstitusjon i Bergensregionen.
Vi ser etter motiverte fagfolk som ynskjer å ta del i utdanninga av gode, framtidige lege-kollegaer. Undervisinga er først og fremst knytt til profesjonsstudiet i medisin. Det kan óg verte aktuelt at den som vert tilsett går inn i undervisninga innafor andre studieprogram som høyrer til under fakultetet, etter instituttet/fakultetet sine behov. Det vert forventa høg kvalitet i undervisningsarbeidet.
Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.
Det er krav om utdanningsfagleg kompetanse tilsvarande 39 timar. Dersom ein ikkje har utdanningsfagleg kompetanse, må dette skaffast innan 2 år frå tilsetjing. Sjå meir på Enhet for læring.
Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 innan tre år etter tilsetjinga. UiB tilbyr norskopplæring og vil legge til rette for at språkkravet kan oppfyllast.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her .
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.