Stipendait innan breidbansakustikk

Rolf Korneliussen

Bergen

On-site

NOK 520,000 - 560,000

Full time

14 days+

Get a reply from this employer

Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Job summary

Havforskingsinstituttet i Bergen søkjer ein stipendiat til å utvikla og evaluera metodar for lågfrekvent breibandsakustikk som skal gje kvantitativ observasjon av marine organismar. Prosjektet skal kombinerast med analyse av datasett og feltforsøk, og resultata publikasjon i internasjonale tidsskrift.

Arbeidet ligg i skjering mellom akustikk, fysikk og marinbiologi, og stipendiaten vil arbeida nært med CRIMAC-miljøet for å utvikla nye metodar og modellering av resonans og spreiing.

Qualifications

  • Kandidat må ha mastergrad eller tilsvarande innan akustikk, fysikk, anvendt matematikk, marin teknologi, marinbiologi, fiskerivitskap eller eit anna relevant fagområde.
  • Ein fagleg grunnlag som kvalifiserer for opptak til eit relevant ph.d.-program: kandidaten må bli tatt opp til et PhD studium.
  • Analyse av data frå ekkolodd.
  • Gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Responsibilities

  • Utvikla og evaluera metodar for å utnytta lågfrekvent breibands akustikk til kvantitativ observasjon av marine organismar.
  • Sentrale arbeidsoppgåver vil vera å:
  • • analysere breibandsdata frå 18 og 38 kHz samla inn på forskingstokt og i målretta eksperiment
  • • utvikla metodar for å identifisera og estimera resonansfrekvensar frå akustiske målingar
  • • undersøkja samanhengen mellom resonansfrekvens, organismestorleik, djupne, åtferd og fysiologiske eigenskapar
  • • utvikla og nytta akustiske spreiings- og resonansmodellar for marine organismar
  • • undersøkja korleis vertikal døgnmigrasjon og endringar i djupne påverkar resonansrespons og akustisk målstyrke
  • • utvikla metodar for å kombinera observasjonar ved ulike frekvensar for identifisering og kvantifisering av marine organismar
  • • planleggja og delta i feltforsøk og forskingstokt for innsamling av akustiske og biologiske data
  • • publisera resultata i internasjonale vitskaplege tidsskrift og presentera arbeidet på relevante konferansar

Skills

akustikk
fysikk
statistiske metoder
Python
R

Education

Mastergrad eller tilsvarande

Tools

Python
R

Job description

Om stillingen

Havforskingsinstituttet har ledig ei treårig stipendiatstilling innan marin breibandsakustikk. Stillinga er knytt til SFI CRIMAC (Centre for Research-based Innovation in Marine Acoustic Abundance Estimation and Backscatter Classification), som utviklar metodar og teknologi for betre og meir automatisert tolking av akustiske data frå forskingsfartøy, fiskefartøy og autonome plattformer.

Prosjektet gir høve til å arbeida med grunnleggjande forskingsspørsmål innan eit felt i rask internasjonal utvikling, samtidig som resultata kan få direkte betydning for framtidige metodar for akustisk overvaking av marine økosystem.

Målet med doktorgradsarbeidet er å utvikla ny kunnskap og metodikk som gjer lågfrekvent breibandsakustikk til eit meir kvantitativt verktøy for å observera og forstå marine organismar og deira rolle i økosystemet.

Eit viktig mål i CRIMAC er å utvikla metodar som gjer det mogleg å utnytta informasjonen i breibandsakustikk i operativ marin overvaking. Stipendiaten skal særleg arbeida med akustisk resonans hos marine organismar, med hovudvekt på frekvensbanda frå 18 og 38 kHz.

Arbeidet vil liggja i skjeringspunktet mellom akustikk, fysikk og marinbiologi og vil kombinera analyse av akustiske datasett, akustisk modellering og målretta feltforsøk.

Arbeidsstad er Bergen.


Om forskingsgruppa

Forskingsgruppa arbeider med instrumentering og teknologi for innsamling av marine data, analyse og modellering av slike data til bruk i havforsking. Vi fokuserer på akustiske målesystem, inkludert fangstteknologi og tilhøyrande måleprosedyrar.


Arbeidsoppgåver

Stipendiaten skal utvikla og evaluera metodar for å utnytta lågfrekvent breibands akustikk til kvantitativ observasjon av marine organismar.

Sentrale arbeidsoppgåver vil vera å:

  • analysera breibandsdata frå 18 og 38 kHz samla inn på forskingstokt og i målretta eksperiment
  • utvikla metodar for å identifisera og estimera resonansfrekvensar frå akustiske målingar
  • undersøkja samanhengen mellom resonansfrekvens, organismestorleik, djupne, åtferd og fysiologiske eigenskapar
  • utvikla og nytta akustiske spreiings- og resonansmodellar for marine organismar
  • undersøkja korleis vertikal døgnmigrasjon og endringar i djupne påverkar resonansrespons og akustisk målstyrke
  • utvikla metodar for å kombinera observasjonar ved ulike frekvensar for identifisering og kvantifisering av marine organismar
  • planleggja og delta i feltforsøk og forskingstokt for innsamling av akustiske og biologiske data
  • publisera resultata i internasjonale vitskaplege tidsskrift og presentera arbeidet på relevante konferansar

Den endelege innretninga på doktorgradsprosjektet vil bli utvikla i samarbeid mellom kandidaten, rettleiarane og CRIMAC-miljøet.


Nødvendige kvalifikasjoner

Vi søkjer ein kandidat med sterk biologisk og kvantitativ bakgrunn og interesse for å arbeida i skjeringspunktet mellom fysikk, akustikk og marinbiologi.

Du må ha:

  • mastergrad eller tilsvarande innan akustikk, fysikk, anvend matematikk, marin teknologi, marinbiologi, fiskerivitskap eller eit anna relevant fagområde
  • eit fagleg grunnlag som kvalifiserer for opptak til eit relevant ph.d.-program: kandidaten må bli tatt opp til et PhD studium
  • analyse av data frå ekkolodd
  • gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar

Utdanninga må vera relevant for forskingsoppgåvene i prosjektet.


Ønskte kvalifikasjonar

Det er ein fordel om du har erfaring med eitt eller flere av følgjande område:

  • hydroakustikk eller andre former for akustikk
  • modellering av akustisk spreiing eller resonans
  • erfaring med analyse av breidbanda ekkoloddata
  • Helst Python, og/eller R, alternativt tilsvarande programmeringsverktøy
  • marine feltundersøkingar eller eksperimentelt arbeid
  • Marinbiologi og fiskeriakustikk, spesielt knytt til mesopelagiske økosystem

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein kandidat som er nysgjerrig på grunnleggjande forskingsspørsmål og samtidig motivert av at metodane skal kunna nyttast i marin overvaking.

Du bør kunna arbeida sjølvstendig og systematisk, men også trivast med tverrfagleg samarbeid. Prosjektet vil krevja samarbeid mellom forskarar innan akustikk, biologi, teknologi og dataanalyse, og kandidaten må vera interessert i å arbeida på tvers av tradisjonelle faggrenser.

Det vil også bli lagt vekt på evne til å kommunisera forskingsresultat, gjennomføra eit langsiktig forskingsprosjekt og bidra aktivt i forskingsmiljøet.


Inkludering og mangfald er ein styrke

Havforskingsinstituttet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Difor oppfordrar vi alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonalitet eller etnisk bakgrunn. Havforskingsinstituttet er ei IA-bedrift, og vi ønskjer å legge høva til rette for søkjarar med redusert funksjonsevne.

Dersom det fins kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting , hol i CV eller innvandrarbakgrunn , vil vi invitere minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar med rett til positiv særbehandling, må du oppfylle krava, og huke av for at du ønskjer positiv særbehandling når du søkjer. Du kan lese meir her .


Vi tilbyr

Stipendiaten vil bli ein del av eit etablert forskingsmiljø innan fiskeriakustikk og marin observasjonsteknologi ved Havforskingsinstituttet og SFI CRIMAC.

Stillinga gir tilgang til:

  • unik lågfrekvent breibandsinstrumentering på G.O. Sars
  • omfattande eksisterande breibandsdatasett fra norske havområde
  • nye data frå forskingstokt og målretta feltforsøk
  • eit tverrfagleg miljø innan akustikk, marinbiologi, signalbehandling, kunstig intelligens og marin observasjonsteknologi
  • samarbeid med norske og internasjonale forskingsmiljø og teknologipartnarar
  • høve til å delta på forskingstokt, internasjonale konferansar og relevante forskarnettverk

Ytterlegare informasjon

Stillinga er lønt som 1017 stipendiat, i samsvar med hovudtariffavtalane i staten, avhengig av kvalifikasjonane dine, og eigenskapar i stillinga. Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Opplysningar om søkjarar kan bli offentliggjorte, sjølv om søkjar har bede om å vere unntatt søkjerlista. Søkjar vil bli orientert om dette på førehand.

Havforskngsinstituttet er underlagt regelverket for eksportkontroll. Regelverket gjeld for handsamingav søknader til stillinga.

Søkjarar med utdanning frå utlandet kan bli beden om å framleggje NOKUT-godkjenning av utdanninga si. Som søkjar kan du bli beden om å godkjenne at Havforskingsinstituttet gjennomfører bakgrunnssjekk.

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Stipendait innan breidbansakustikk
Stipendait innan breidbansakustikk

Havforskingsinstituttet • Bergen

On-site
NOK 480,000 - 540,000
Kvantitativ forsker innen metodeutvikling og bestandsvurdering
Kvantitativ forsker innen metodeutvikling og bestandsvurdering

Guldborg Søvik • Bergen

On-site
NOK 800,000 - 1,100,000
Fleksitidsordning
Offentlig tjenestepensjon
Bedriftshytter og treningsfasiliteter
Stipendiat i geovitenskap
Stipendiat i geovitenskap

Rosa Andrade • Stavanger

On-site
NOK 522,000 - 638,000
Gratis norskkurs
Lifekeys tilgang
Pensjonsordning
+1
Kvantitativ forsker innen metodeutvikling og bestandsvurdering
Kvantitativ forsker innen metodeutvikling og bestandsvurdering

Arbeidsplassen • Bergen

On-site
NOK 700,000 - 850,000
Europa ledende marine forskningsinstit
Offentlig tjenestepensjon
Bedriftshytter og treningsfasiliteter
Stipendiat i farmakoepidemiologi
Stipendiat i farmakoepidemiologi

Kristian Svendsen • Tromsø

On-site
NOK 522,000 - 638,000
Pensjonsordning i Statens pensjonskass
Gode velferdsordninger
580 000,- årslønn
Stipendiat i farmakologi
Stipendiat i farmakologi

Ole Morten Seternes • Tromsø

On-site
NOK 580,000 - 600,000
Stipendiat i farmakoepidemiologi
Stipendiat i farmakoepidemiologi

UiT- The Arctic University of Norway • Tromsø

On-site
NOK 560,000 - 600,000
Gode karrieremuligheter
Gode pensjonsordninger i SPK
Gode velferdsordninger
+1
Stipendiat innen kvalitet og sikkerhet i helsetjenesten
Stipendiat innen kvalitet og sikkerhet i helsetjenesten

Nina Hjertvikrem • Stavanger

On-site
NOK 522,000 - 638,000
Gratis norskkurs ved behov
Lifekeys – mental helse og livskvalit
Stipendiat i flerspråklighet og tverrspråklig påvirkning
Stipendiat i flerspråklighet og tverrspråklig påvirkning

Christine Valvik • Stavanger

On-site
NOK 522,000 - 638,000
Gratis norskkurs
Lifekeys
Postdoktor i mekanismar for temperaturrobustheit hos fiskeembryo
Postdoktor i mekanismar for temperaturrobustheit hos fiskeembryo

Postdoktor i statsvitenskap • Bergen

On-site
NOK 617,000 - 754,000
Medlemsskap i Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Top locations