Stipendait innan breidbansakustikk

Havforskingsinstituttet

Bergen

On-site

NOK 480,000 - 540,000

Full time

14 days+

A complete application in a minute

Tailored resume and cover letter, ready to send.

Get past ATS filters

Job summary

Havforskingsinstituttet i Bergen søkjer ein stipendiat i marin breibandsakustikk for eit treårig PhD-prosjekt knytt til CRIMAC, som utviklar metodar og teknologi for betre tolking av akustiske data frå forskingsfartøy og andre plattformar. Arbeidet vil kombinera akustisk modellering, analyse av datasett og målretta feltforsøk, og målet er å gjera lågfrekvent breibandsakustikk eit meir kvantitativt verktøy for overvaking av marine organismar.

Qualifications

  • Relevant mastergrad i akustikk, fysikk, eller marinteknikk.
  • Kvalifisert for opptak til PhD-programmet.
  • Analyse av ekkolodddata.

Responsibilities

  • Analysere breibandsdata frå 18/38 kHz samla inn på forskingstokt og målretta eksperiment.
  • Utvikla metodar for å identifisera og estimera resonansfrekvensar frå akustiske målingar.
  • Undersøkje samanhengen mellom resonansfrekvens, organismestorleik, djupne og åtferd.
  • Publisera resultata i internasjonale vitskaplege tidsskrift.

Skills

Akustikk
Fysikk
Matematikk
Marinbiologi

Education

PhD opptak kvalifisering

Tools

Python
R
Ekkoloddanalyse

Job description

Havforskingsinstituttet har ledig ei treårig stipendiatstilling innan marin breibandsakustikk. Stillinga er knytt til SFI CRIMAC (Centre for Research-based Innovation in Marine Acoustic Abundance Estimation and Backscatter Classification), som utviklar metodar og teknologi for betre og meir automatisert tolking av akustiske data frå forskingsfartøy, fiskefartøy og autonome plattformer.

Prosjektet gir høve til å arbeida med grunnleggjande forskingsspørsmål innan eit felt i rask internasjonal utvikling, samtidig som resultata kan få direkte betydning for framtidige metodar for akustisk overvaking av marine økosystem.

Målet med doktorgradsarbeidet er å utvikla ny kunnskap og metodikk som gjer lågfrekvent breibandsakustikk til eit meir kvantitativt verktøy for å observera og forstå marine organismar og deira rolle i økosystemet.

Eit viktig mål i CRIMAC er å utvikla metodar som gjer det mogleg å utnytta informasjonen i breibandsakustikk i operativ marin overvaking. Stipendiaten skal særleg arbeida med akustisk resonans hos marine organismar, med hovudvekt på frekvensbanda frå 18 og 38 kHz.

Arbeidet vil liggja i skjeringspunktet mellom akustikk, fysikk og marinbiologi og vil kombinera analyse av akustiske datasett, akustisk modellering og målretta feltforsøk.

Forskingsgruppa arbeider med instrumentering og teknologi for innsamling av marine data, analyse og modellering av slike data til bruk i havforsking. Vi fokuserer på akustiske målesystem, inkludert fangstteknologi og tilhøyrande måleprosedyrar.

Stipendiaten skal utvikla og evaluera metodar for å utnytta lågfrekvent breibands akustikk til kvantitativ observasjon av marine organismar.

Sentrale arbeidsoppgåver vil vera å:

  • analysera breibandsdata frå 18 og 38 kHz samla inn på forskingstokt og i målretta eksperiment
  • utvikla metodar for å identifisera og estimera resonansfrekvensar frå akustiske målingar
  • undersøkja samanhengen mellom resonansfrekvens, organismestorleik, djupne, åtferd og fysiologiske eigenskapar
  • utvikla og nytta akustiske spreiings- og resonansmodellar for marine organismar
  • undersøkja korleis vertikal døgnmigrasjon og endringar i djupne påverkar resonansrespons og akustisk målstyrke
  • utvikla metodar for å kombinera observasjonar ved ulike frekvensar for identifisering og kvantifisering av marine organismar
  • publisera resultata i internasjonale vitskaplege tidsskrift og presentera arbeidet på relevante konferansar

Den endelege innretninga på doktorgradsprosjektet vil bli utvikla i samarbeid mellom kandidaten, rettleiarane og CRIMAC-miljøet.

Vi søkjer ein kandidat med sterk biologisk og kvantitativ bakgrunn og interesse for å arbeida i skjeringspunktet mellom fysikk, akustikk og marinbiologi.

Du må ha:

  • mastergrad eller tilsvarande innan akustikk, fysikk, anvend matematikk, marin teknologi, marinbiologi, fiskerivitskap eller eit anna relevant fagområde
  • eit fagleg grunnlag som kvalifiserer for opptak til eit relevant ph.d.-program: kandidaten må bli tatt opp til et PhD studium
  • analyse av data frå ekkolodd

Utdanninga må vera relevant for forskingsoppgåvene i prosjektet.

Det er ein fordel om du har erfaring med eitt eller fleire av følgjande område:

  • erfaring med analyse av breidbanda ekkoloddata
  • Helst Python, og/eller R, alternativt tilsvarande programmeringsverktøy
  • marine feltundersøkingar eller eksperimentelt arbeid
  • Marinbiologi og fiskeriakustikk, spesielt knytt til mesopelagiske økosystem
Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein kandidat som er nysgjerrig på grunnleggjande forskingsspørsmål og samtidig motivert av at metodane skal kunna nyttast i marin overvaking.

Du bør kunna arbeida sjølvstendig og systematisk, men også trivast med tverrfagleg samarbeid. Prosjektet vil krevja samarbeid mellom forskarar innan akustikk, biologi, teknologi og dataanalyse, og kandidaten må vera interessert i å arbeida på tvers av tradisjonelle faggrenser.

Det vil også bli lagt vekt på evne til å kommunisera forskingsresultat, gjennomføra eit langsiktig forskingsprosjekt og bidra aktivt i forskingsmiljøet.

Inkludering og mangfald er ein styrke

Havforskingsinstituttet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Difor oppfordrar vi alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonalitet eller etnisk bakgrunn. Havforskingsinstituttet er ei IA-bedrift, og vi ønskjer å legge høva til rette for søkjarar med redusert funksjonsevne.

Dersom det fins kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting , hol i CV eller innvandrarbakgrunn , vil vi invitere minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar med rett til positiv særbehandling, må du oppfylle krava, og huke av for at du ønskjer positiv særbehandling når du søkjer. Du kan lese meir her .

Stipendiaten vil bli ein del av eit etablert forskingsmiljø innan fiskeriakustikk og marin observasjonsteknologi ved Havforskingsinstituttet og SFI CRIMAC.

Stillinga gir tilgang til:

  • unik lågfrekvent breibandsinstrumentering på G.O. Sars
  • omfattande eksisterande breibandsdatasett frå norske havområde
  • nye data frå forskingstokt og målretta feltforsøk
  • høve til å delta på forskingstokt, internasjonale konferansar og relevante forskarnettverk
Ytterlegare informasjon

Stillinga er lønt som 1017 stipendiat, i samsvar med hovudtariffavtalane i staten, avhengig av kvalifikasjonane dine, og eigenskapar i stillinga. Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Opplysningar om søkjarar kan bli offentliggjorte, sjølv om søkjar har bede om å vere unntatt søkjerlista. Søkjar vil bli orientert om dette på førehand.

Havforskngsinstituttet er underlagt regelverket for eksportkontroll. Regelverket gjeld for handsamingav søknader til stillinga.

Søkjarar med utdanning frå utlandet kan bli beden om å framleggje NOKUT-godkjenning av utdanninga si. Som søkjar kan du bli beden om å godkjenne at Havforskingsinstituttet gjennomfører bakgrunnssjekk.

Havforskingsinstituttet ereittav dei største marine forskingsinstituttai Europa, med vel 1000 tilsetteog ei rekkje forskingsfasilitetar og laboratorium av høg internasjonal standard. Hovudaktivitetane våre er forsking, rådgjeving og overvaking. Havforskingsinstituttet eig og driv åtteeigne forskingsfartøy. Hovudkontoret vårt ligg i Bergen. Vi har også avdelingi Tromsø, og forskingsstasjonar i Matre, Austevoll og Flødevigen.Havforskingsinstituttet skal vere ein leiande kunnskapsleverandør for å sikreei bærekraftig forvalting av ressursane i dei marine økosystema, både nasjonalt og internasjonalt,og for heile kjeda fra hav til mat, inkludert det marine miljøet, fiskeernæring og trygg og sunn sjømat.

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Stipendait innan breidbansakustikk
Stipendait innan breidbansakustikk

Rolf Korneliussen • Bergen

On-site
NOK 520,000 - 560,000
Kvantitativ forsker innen metodeutvikling og bestandsvurdering
Kvantitativ forsker innen metodeutvikling og bestandsvurdering

Arbeidsplassen • Bergen

On-site
NOK 700,000 - 850,000
Europa ledende marine forskningsinstit
Offentlig tjenestepensjon
Bedriftshytter og treningsfasiliteter
Kvantitativ forsker innen metodeutvikling og bestandsvurdering
Kvantitativ forsker innen metodeutvikling og bestandsvurdering

Guldborg Søvik • Bergen

On-site
NOK 800,000 - 1,100,000
Fleksitidsordning
Offentlig tjenestepensjon
Bedriftshytter og treningsfasiliteter
PhD i Marin Breibandsakustikk – Resonansforskning
PhD i Marin Breibandsakustikk – Resonansforskning

Rolf Korneliussen • Bergen

On-site
NOK 520,000 - 560,000
PhD Candidate: Marine Broadband Acoustics & Resonance
PhD Candidate: Marine Broadband Acoustics & Resonance

Havforskingsinstituttet • Bergen

On-site
NOK 480,000 - 540,000
Stipendiat i geovitenskap
Stipendiat i geovitenskap

Rosa Andrade • Stavanger

On-site
NOK 522,000 - 638,000
Gratis norskkurs
Lifekeys tilgang
Pensjonsordning
+1
Ph.d.-stipendiat i marin geomikrobiologi
Ph.d.-stipendiat i marin geomikrobiologi

Steffen Leth Jørgensen • Bergen

On-site
NOK 520,000 - 650,000
Quantitative Researcher in Method Development and Stock Assessment
Quantitative Researcher in Method Development and Stock Assessment

Institute of Marine Research • Bergen

On-site
NOK 12,000 - 13,000
Stipendiat innan vatn, kulturarv og berekraft i barnehagen
Stipendiat innan vatn, kulturarv og berekraft i barnehagen

Barnehagelærer • Bergen

On-site
NOK 520,000 - 600,000
Vil du være tilkallingsvikar i en spennende oppdrettsnæring?
Vil du være tilkallingsvikar i en spennende oppdrettsnæring?

KIME AKVA AS • Hamnvik

On-site
NOK 248,000 - 331,000
Bolig ved lang reisevei
Moderne båter, flåter og utstyr
Tilrettelegging for fagbrev, kurs og s
+1
Top locations