Una candidatura completa en un minuto
Currículum y carta de presentación personalizados, listos para enviar.
UiB søker stipendiat i marin geomikrobiologi ved Institutt for geovitskap. stillinga er ein treårs åremålsstilling knytt til Polhavet2050 og Senter for djuphavsforsking. Du vil utvikle in-situ oppsett og kombinere geokjemi, molekylærmikrobiologi og bioinformatikk.
Arbeidet krev mellombels deltakelse i forskingstokt og sjølvstendig, strukturert arbeidsmetodikk. Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen og knytt til eit norsk forskingsprogram.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA
Ved Institutt for geovitskap er det ledig ei stilling som stipendiat i marin geomikrobiologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremjande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen.
Som følgje av global oppvarming gjennomgår Polhavet store endringar, og desse endringane vil uunngåeleg påverke karbonfluksen mellom overflatevatnet og havbotnen. Dette vil i sin tur påverke aktiviteten til mikroorganismane som lever i sedimenta. Den mikrobielle aktiviteten regulerer dei geokjemiske fluksane inn i og ut av havbotnen, og er dermed ein viktig faktor i den globale fordelinga av grunnstoff. Kor store desse endringane er, og kva konsekvensar dei vil få på kort og lang sikt, er likevel ikkje kjent.
Målet ditt som stipendiat vil vere å bidra til å talfeste kortsiktige og langsiktige effektar av variabel tilførsel av organisk karbon på mikrobiell aktivitet og mangfald i arktiske sediment. For å nå dette målet skal du utvikle eksperimentelle oppsett in-situ og kombinere geokjemiske målingar med molekylærmikrobiologiske metodar og bioinformatikk.
Stillinga er knytt til Polhavet2050, eit stort, tverrfagleg norsk forskingsprogram med ei varigheit på ti år, oppretta i 2026. Programmet samlar 18 norske forskingsinstitusjonar med mål om å forstå notida og framtida til Polhavet. Stillinga er knytt til Senter for djuphavsforsking og forskingsgruppa Geokjemi og geobiologi.
Det er venta at kandidaten deltek på eit eller fleire forskingstokt i løpet av prosjektperioden.