Don’t send a generic resume — generate a resume and cover letter tailored to this exact role.
Aurland kommune har ledig mellombels 67,50 % fastlege-stilling ved vårt etablerte legekontor. Stillingen vil vere eit vikariat på om lag 6 månader, med moglegheit for forlenging og tilpassa arbeidstidsordning.
Først og fremst ynskjer me spesialist i allmennmedisin, men ALIS kan også søke. Legekontoret har ei fast bemanning og vi legg vekt på samarbeid og fagleg utvikling.
Aurland kommune har ledig mellombels 67,50 % stilling som fastlege ved etablert legekontor. Stillinga er ledig frå snarast, og er eit vikariat som vil vare i om lag 6 månader, med moglegheit for forlenging.
Først og fremst ynskjer me spesialist i allmennmedisin, men lege under spesialisering (ALIS) kan også søke.
Me kan tilby tilpassa arbeidstidsordning, der du som vikar vil ha vekselvise arbeidsbolkar med fire veker klinisk praksis ved legekontoret, fire veker arbeidsfri, og 10% ubunden administrasjonstid. Ferie er rekna som 7,5% av stillinga, og skal avviklast i samband med friperioden.
Stillinga er knytt til Aurland legekontor, som i dag har tre fast tilsette legar i alternativ arbeidstidsordning, LIS1-lege og kommuneoverlege. Kommuneoverlegen er spesialist i samfunnsmedisin. Legekontoret er godt bemanna med helsesekretær, fagarbeidar og sjukepleiar.
Me nyttar journalsystemet Infodoc. Legekontoret er lokalisert i Fjordsenteret, og ligg fint til ved Aurlandsfjorden. Som lege hjå oss får du ta del i, og bidra til, utvikling av legetenesta og samhandlinga internt i kommunen. Som legespesialist vil du ha ansvar for rettleiingsoppgåver, og spanande utviklingsoppgåver.
Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=aFXLAnqaUbI
Du bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kangjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.
Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.