A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Vindafjord Helsestasjon og Etne Vindafjord barnevernteneste søker fleire tilsette til familieteamet. To midlertidige vikariat frå snarast og fram til 31.12.27, eventuelt forlenga, med brei kompetanse og god erfaring i arbeid med familiar og barn/ungdom.
Arbeidet inneheld foreldreveileding, samtale, oppfølging og dokumentasjon, i eit team med fokus på heilskap, samarbeid og trygge tenester i kommunen.
Me søkjer no etter dei rette personane til rolla somfamilierettleiar. Her får DU muligheiten til å jobbe i eit team med brei kompetanse og god erfaring. Stillingane er to midlertidlege vikariat frå snarast og fram til 31.12.27 (med mogligheit til forlenging).
Vindafjord Helsestasjon og Etne Vindafjord barnevernteneste skipa i 2017 eit felles familieteam som yter heilskapelege og spesialiserte tenester etter helselovgivinga til dei familiane som ynskjer det, samd endringstiltak og fosterheimsoppfølging etter barnevernlova. Ein legg vekt på samarbeid med dei andre barne- og familietenestene.
Familieteamet er organisert under eining helse og har arbeidsstad på Rådhuset.
Me vektlegg gode kommunikasjonsferdigheter. At ein likar å jobbe med mennesket, å vera ein omsorgsperson og ha gode samarbeidsevner. At du er engasjert og tillitsvekkande. Ein vektlegg også evnen til å vera klartenkt og tydeleg, samt å jobbe i prosess.
I arbeidet i familieteamet møter ein menneske i kriser og ein involverar seg i komplekse familiesituasjonar. Då er det viktig at ein kan vera omsorgsfull og tydeleg, og at ein evnar å handtere og tåle konfliktar og sterke kjensler.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.