Obtenez une réponse de cet employeur
Votre CV et votre lettre de motivation, adaptés exactement à ce que l’employeur recherche.
Seksjon for sosionomtenester ved Haukeland universitetssjukehus tilbyr tenester til pasientar og pårørande ved somatiske avdelingar. Sosionomen skal kjenne til rettar og hjelpeordningar, og arbeide for å ivareta pasientar og pårørande sine behov og interesser.
Stillinga krev godkjent sosionomutdanning, og det er ønskeleg med vidareutdanning, erfaring frå NAV og arbeid i sjukehus. Hovudarbeidsstad vil vere Haukeland universitetssjukehus, og lønn/pensjon skjer i samsvar med gjeldande overeinskomst.
Seksjon for sosionomtenester gir tilbod til pasientar og pårørande ved somatiske avdelingar på Haukeland universitetssjukehus. Sosionomen skal kjenne til rettar og hjelpeordninger, og arbeider for å ivareta pasientar og pårørande sine behov og interesser. Seksjonen har 10.5 tilsette sosionomar.
Vi oppfordrer alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning fra utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook .
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.